Benjamin Raich (fødd 28. februar 1978) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Arzl im Pitztal som vann verdscupen i alpine greiner i 2006. Han vart dobbeltvinnar både under VM i alpine greiner 2005 i Bormio og under Vinter-OL 2006 i Torino. I Bormio vann han slalåm og kombinasjonen, i Torino sigra han i slalåm og storslalåm. Raich var i 2007 med på Austerrike sitt lag som tok gullmedaljen i VM i Åre. Sesongane 2002-11 vann han i alt 14 medaljar i OL og VM-tevlingar; 5 gull, 6 sølv og tre bronsar.

Benjamin Raich


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 28. februar 1978 (46 år)
Arzl im Pitztal
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Alpint under Vinter-OL 2006 – Storslalåm menn, Alpint under Vinter-OL 2002 – Slalåm menn, Alpint under Vinter-OL 2006 – Slalåm menn, alpine skiing at the 2002 Winter Olympics – men's combined

Utmerkingar

Skieur d’Or, stort utmerkelse for fortjenster for republikken Østerrike

Aktiv endre

Raich vann si første internasjonale meisterskapsmedalje då han fekk sølv i slalåm under VM i St. Anton i 2001. I Vinter-OL 2002 tok han bronse i både slalåm og kombinasjonsøvinga. Under VM i alpine greiner 2005 i Bormio lukkast han overmåte godt og vart verdsmeister i kombinasjon og i slalåm, og tok sølv i storslalåm og i lagtevlinga, samt bronse i super-G.

Raich vann verdscupen 2006. Fem sesongar har han kome på andreplassen i verdscupen. I tida frå nyår 1999 til februar 2012 vann han 36 renn i verdscupen, flest i slalåm og storslalåm med 14 sigrar i kvar. Hans siste siger i eit verdscuprenn, i Crans-Montana, var hans fyrste i super-G-øvinga.

Raich la opp etter 2015-sesongen. Sidan 2015 er han gift med Marlies Schild.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar