Opna hovudmenyen

Benjamin West (10. oktober 173811. mars 1820) var ein amerikansk-britisk målar, nærast sjølvlært.

Benjamin West
BenjaminWestNGA.gif
Fødd 10. oktober 1738
Springfield Township
Død

11. mars 1820
London

Yrke kunstmålar
Benjamin West på Commons
Benjamin West: General Wolfes død, 1770

West var frå Springfield i Pennsylvania. Han oppheldt seg i Italia i 1760–1763, der han mottok impulsar frå Anton Raphael Mengs. I 1763 slo han seg ned i London som portrettmålar og var i 1768 medstiftar av Royal Academy of Arts. Då Joshua Reynolds døydde i 1792 vart han president for akademiet, ein posisjon han hadde til 1815.

Frå 1769 var West nær knytt til kong Georg III og utvikla seg etter kvart til den leiande innan historiemaleriet i England. I 1770 utførte han hovudverket General Wolfes død (Kensington Palace i London), som bana veg for det realistiske historiemaleriet. Dei seinare arbeida hans fekk ein nyklassisistisk karakter.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra