Opna hovudmenyen

Bent Skammelsrud

norsk fotballspelar

Bent Andre Skammelsrud (fødd 18. mai 1966) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Rakkestad i Østfold. I tolv sesongar spelte han på midtbana hos Rosenborg, der han var med å vinne 11 seriemeisterskap og tre cup-gull. Perioden 1987-2000 aksla den norske landslagsdrakta 38 gongar, og skåra seks landslagsmål.

Bent Skammelsrud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mai 1966
Sarpsborg
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

KlubbspelEndra

Skammelsrud spelte for heimlege Rakkestad til han i 1986 melde overgang til andredivisjons-klubben Drøbak/Frogn. Han var sentral då klubben markerte seg i toppen av tabellen, og fekk sin landslagsdebut i 1987. Etter tre sesongar i Drøbak/Frogn spelte i 1989 for osloklubben og deretter i 1990 for den svenske toppklubben Malmö FF.

Våren 1991 vart Skammelsrud overført til Rosenborg. Sett vekk frå frå debutsesongen 1991, vart Skammelsrud seriemeister i kvar einaste sesong som Rosenborg-spelar. elleve i talet. Frå sin posisjon som defensiv midtbanespelar var venstrebeinte Skammelsrud ein sentral aktør då Rosenborg hevda seg i Meisterligaen i andre halvdel av 1990-åra. I januar 1998 fekk han kontrakt med den tyske klubben Bayer Leverkusen, men returnerte i mai månad til Rosenborg av familiære grunnar. Han la opp etter 2002-sesongen.

LandslagsspelEndra

Skammelsrud debuterte på det norske landslaget 14. november 1987 i ein kvalifiseringskamp til Sommar-OL 1988. Bortekampen mot Bulgaria i Sofia enda med tap 0-4. Det skulle gå to år til neste landskamp, men dei neste tre åra fekk han med seg ein heil del landskampar. Derimot fekk han lite speletid for Noreg i tida frå vinteren 1993 til vinteren 1997. Åra 1997-2000 var Skammelsruds beste i norsk landslagfotball, men kom likevel ikkje med i troppen til fotball-VM 1998. Under EM i fotball 2000 spelte han to av dei tre kampane Noreg deltok i. VM-kvalikkampen mot Armenia 2. september 2000 vart hans 38. og siste. Han skåra seks mål for Noreg, alle i privatlandskampar.

MerittarEndra

  • Seriemeister: 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001 og 2002 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1992, 1995 og 1999 med Rosenborg

Skammelsrud vart tildelt Kniksenprisen i 2001.

KjelderEndra