Bente A. Landsnes
Bente Avnung Landsnes (fødd 8. august 1957) er administrerande direktør ved Oslo Børs (frå 1. januar 2006). Ho har tidlegare vore konserndirektør for informasjonsteknologi i DnB NOR. I tillegg har ho mellom anna vore seksjonsdirektør i BBS, banksjef og seksjonsleiar i Sparebanken NOR, samt konserndirektør i Gjensidige NOR. Styre ho har sete i er mellom andre Oslo Børs, VPS (Verdipapirsentralen) og NOS (Norsk Oppgjørssentral).
Bente A. Landsnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. august 1957 (67 år) |
Yrke | næringslivsleiar |
Bente A. Landsnes på Commons |