Benz Pass
Benz Pass er eit smalt pass mellom klippene i Drenta Bluff heilt sør på Louis Philippe Plateau og Gigen Peak nordvest i Erul Heights, som ligg 2 nautiske mil nordaust for toppen av Russell East-breen på Trinityhalvøya. Det vart kartlagd frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (1960–61), og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Karl Benz, ein tysk ingeniør som konstruerte den første praktiske bensindrivne bilen i 1885.[1]
Benz Pass | |||
fjellovergang | |||
Plasseringa til Trinityhalvøya
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Erul Heights | ||
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 63°41′S 58°22′W / 63.683°S 58.367°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Benz Pass 63°41′00″S 58°22′00″W / 63.6833°S 58.3667°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Benz Pass». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Benz Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).