Berat
Utsyn over Berat mot fjellet Tomorr
Utsyn over Berat mot fjellet Tomorr
Byvåpenet til Berat
Byvåpenet til Berat
Styresmakter
Land
Region
Albania
Berat
Geografi
Flatevidd
 - By

380 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

60 031[1]
Koordinatar 40°42′31″N 19°56′37″EKoordinatar: 40°42′31″N 19°56′37″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Berat kommune innafor regionen Berat
Berat kommune innafor regionen Berat

Berat er ein by og ein kommune i regionen med same namn i Albania. Berat er hovudstad i regionen. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nordaust til regionen Elbasan, i sørvest til regionen Fier, og i sør har kommunen ei stutt grense til regionen Gjirokastër.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Berat vart slått saman med landkommunane Velabisht, Otllak, Sinjë og Roshnik.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Berat 36 496 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Berat, til saman hadde 60 031 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Berat hovudstad i distriktet Berat.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Berat.[2]

ReferansarEndra