Regionar i Albania

Wikimedia-listeartikkel

Regionane i Albania (albansk: qark, qarqe) utgjer ei administrativ inndeling i Albania. Landet har 12 regionar, som igjen er delte inn i 61 kommunar.

Regionane i Albania

Regionane vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2000, då dei 36 tidlegare distrikta vart oppløyste og erstatta av regionane.[1][2] Ved ei ny reform i 2014 vart talet på kommunar redusert frå 373 (308 landkommunar og 65 bykommunar) til 61, medan regionane ikkje vart endra.[3]

Regioner og kommunar

endre
Region Regionhovudstad Areal
km²
Innbyggjarar
2019[4]
Kommunar
Berat Berat 1 798 125 157 Berat, Ura Vajgurore, Kuçovë, Skrapar, Poliçan
Dibër Peshkopi 2 586 118 948 Dibër, Bulqizë, Mat, Klos
Durrës Durrës 766 290 126 Durrës, Shijak, Krujë
Elbasan Elbasan 3 199 274 982 Elbasan, Cërrik, Belsh, Peqin, Gramsh, Librazhd, Prrenjas
Fier Fier 1 890 294 747 Fier, Patos, Roskovec, Lushnje, Divjakë, Mallakastër
Gjirokastër Gjirokastër 2 884 61 423 Gjirokastër, Libohovë, Tepelenë, Memaliaj, Përmet, Këlcyrë, Dropull
Korçë Korçë 3 711 207 889 Korçë, Maliq, Pustec, Kolonjë, Devoll, Pogradec
Kukës Kukës 2 374 76 594 Kukës, Has, Tropojë
Lezhë Lezhë 1 620 125 195 Lezhë, Mirditë, Kurbin
Shkodër Shkodër 3 562 202 895 Malësi e Madhe, Shkodër, Vau-Dejës, Pukë, Fushë-Arrëz
Tirana Tirana 1 652 895 160 Tirana, Kamëz, Vorë, Kavajë, Rrogozhinë
Vlorë Vlorë 2 706 189 311 Vlorë, Selenicë, Himarë, Saranda, Konispol, Finiq, Delvinë

Referansar

endre
  1. A Brief History of the Administrative-territorial Organization in Albania, arkivert frå originalen 9. juni 2017, henta 28. mai 2019 
  2. Regionreforma i 2000
  3. Kommunereforma i 2014
  4. Estimat folketal, arkivert frå originalen 9. november 2019, henta 10. juni 2019