Berge i Høyanger

grend i Høyanger

Berge i Høyanger kommune i Vestland fylke er ei bygd på nordsida av Høyangsfjorden. Gardane ligg 130-250 moh. på ein terrasse over ei stupbratt li.

Berge
stad
Berge sett frå Skålebotten hausten 2016
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Kart
Berge
61°10′56″N 5°59′39″E / 61.1822084°N 5.9941333°E / 61.1822084; 5.9941333
Wikimedia Commons: Berge, Høyanger
Bestemor grana
Kjempegraner frå tidleg skogplanting på Berge. Den største grana hadde ein omkrins på 3,6 m og ei høgde på 39 m. Ho blei felt i 2021, telling av årringane viste ein alder av 120 år.

Namnet «Berge» kjem av dativ for Berg. Genitivsforma er Ber(g)s som for eksempel Bergsvikja og Bergsvatnet.

Historiske skriveformer er Berghi (1344) og Heanghrsbergh[1] (1535), altså Høyangs-Berge.

Namnet vert tradisjonelt uttalt Berrje, moderne uttale er Berge.

Busetnad endre

Bygda har 10 bruk[2] fordelt på 3 gardar. Før utbygginga av Høyanger frå 1914 var Berge største bygda i Høyanger.

Dei tre gardane er alle nemnd før 1600. Ifølge tradisjonen er Indre Berge, gard nummer 55, den eldste garden. Ytre Berge, gard nummer 57, var muligens støl for Nordeide før han blei eigen gard. Øvre Berge, gard nummer 56, er yngste garden og blei skilt ut frå Indre Berge. Anders Berge er nemnd som øydegardsmann på Øvre Berge i 1603. Altså kan eit av bruka ha vore øydegard opp til rundt 1600, men ein må og merke seg at øydegard òg var ei eiga skatteklasse.

Gardane har teigar langs Bergsstronda på nordsida av Høyangsfjorden. Gardsnummer 58, Pylseteigen, ligg til bruk 55/5, men det har aldri vore busetnad her.

Fordelinga av utmarka på fjellet vart fastsatt av tingretten i 1690, men har truleg vore den same lenge før dette. Gard/bruksnr 55/1-5 og 57/3 har felles eigedom i utmarka under Skålebotnfjellet og Langfjellet og har støl på Karthaugane. 56/1-2 og 57/1-2 har felles eigedoma i utmarka i Bergsdalen, med tilhøyrande sommarsstøl i Steinkvia. Dei sistnemnde bruka hadde òg vår og haust støl på Oppheim og på Furuhaugane.

Det finst ikkje dateringar av busetnad eller gardsdrift på Berge. Bygda kan vere blant dei eldre busetnadene i Høyanger. Ein gjetnad er at det var busetnad før år 800.

Geografi endre

Bygda Berge ligg som i ein dalbotn i dalsida over Høyangsfjorden. Bygda er avgrensa øvst av vertikale gråberg i Skålebotnen på 877 moh. og av Graosvåa (grå sva) og Vetle Graosvåa. I Bergslia ligg lauv og barskog, utmarksbeite og innmark som flater ut rundt 100 m over fjorden. Eit belte av gran planta frå 1900 ligg rundt og ovanfor innmarksbeita. Skogplantinga blei gjort for framtidig sal av tømmer, men òg som vern mot snøras. I den bratte dalsida under Berge veks varmekjære treslag som eik, alm, ask og lind.

 
Jordprofil i morene frå Saueåna. Høgde på biletet er 2 meter.

Ein isbre i dalbotnen har forma landskapet ved å erodere ut berget i ei skålform. Denne er stupbratt øverst, men flatar ut nederst. I skråningane frå 100-300 moh. har breen avsett botnmorene. I det øverste laget i denne silt- og sandmorenen har det danna seg eit jordlag som har gitt grunnlag for gardsdrift frå før år 1300. Jordprofilet, som vist i bilete, har relativt lite stein og er derfor relativt lettdyrka.

Det bratte lendet er ei utfordring for landbruksmaskiner. Før moderne veiter (grøfter) vart vanlege var dette ein fordel viserettersom jorda var naturleg drenert.

Lokalklimaet på Berge er forholdsvis bra, bygda vender mot sør-aust, og er skjerma for nord og vestavinden.

Rasfare endre

Dei bratte fjellsidene gjer at Berge er utsett for ras. Gamle segn fortel at bygda blei hardt ramma av snøskred. Dette historiske raset er tidfesta til før år 1300. Segna seier at det gikk skred både frå Ytre og Indre Bergs «Grao svoå» (gråsva) og tok med seg gardane på Indre Berge. Stadnamn som Kjerringgjelet, der ei omkommen kone blei funnen, og Oksevollen, der dei fann ein okseskrott, vitnar om om rasa. Historiske funn av byggverk frå før reformasjonen blei funne under tjukke rasmassar under dyrkingsarbeid i 1885 og 1955. Dette store raset førte til at gardane på Indre Berge blei flytta til mindre rasutsatte stader.

9. februar 1928 i 4-5 tida om natta tok snøskred garden våningshuset på Nykvia på Øvre Berge. 3 born mista livet, 2 overlevde.[3] Foreldra var bortreiste. Same natta tok eit skred i Saueåna med seg mølla på 55/2 Larsgarden. Bergsvegen blei tatt i ei breidde på 80 meter i ytste svingen og 50m i inste svingen.

Snøskred i 1983 gjorde mindre skade, skogplantinga i fjellsidene kan ha avgrensa skadane.

Eit jord- og steinras i 2011 øydela innmark og vegar.[4]

Historie endre

Historiske stiar og vegar endre

Fram til 1875 var det berre sti opp til Berge. I 1875 blei det bygd ein steinsett veg frå Bergsvika til Indre Berge. Kjøreveg kom i 1910.

Kvernbakken endre

Rundt 1900 stod det 5 kvernhus tilhøyrande Ytre-Berge på Kvernbakken ved Bekkeåna (sjå bildegalleri). I dag står berre det berre eit igjen, tilhørande bruk 57/1. Kvernsteinen kjem frå Hyllestad og er laga av granatglimmerskifer some er kjenneteikna av at han er kyanittførande. Dei raude granatane, 1-3mm store, er svært harde og slitesterke. Kyanitt syner att som gråblå stavar. Kvernhuset blei restaurert rundt 2020.

Skadedyr endre

Til tider må bøndene på Berge ha vore svært plaga med rev, ulv og bjørn. Tradisjonen seier at det som var mest plagsomt med rev som tok lam, og bjørn som slo ned kyr. Prost A. Daae «Lovet af Præstestolen at give noket til fattige at Gud vil afvende de rivende Ulve og andre skadelige Udyr» rundt 1748. Hans Knutson på Øvre Berge skaut 3 ulvar i 1749 og 4 i 1750. Eit slikt tal ulv vil ta for seg i bufeet om det ikkje blei gjeta.

Det er fleire stadnamn på Berge som er relatert til bjørn; Bjørneskaret, Bjørnehammaren, Bjødnehaugane og Bjønnadikjet. Gildreåna kan vere i samband med jakt på bjørn med åte eller felle, «å gildre». Eit anna stadnamn, Kjerringehola, knytter det ei historie til: Ein bjørn hadde fått tak i ei kjerring og grov ei hole for å grave ho ned. Det heitest at ein kunne skremme bjørnen ved å vise fram ræva. Kjerring drog derfor opp skjørtet og snudde baken til bjørnen. Bjørnen blei redd og stakk av. Det er òg referansar til bjørn som er skoten. Til dømes Martin Endreson som skal ha skutt bjørnar i Bergsliene, og Einar Lasseson som skaut bjørn på eigen grunn i 1834. Siste bjørnen blei skoten rundt 1890.

Utvandring til USA endre

Totalt 39 med tilknytning til Berge utvandra til USA i perioden 1858 til 1908. Totalt 59 menn og 21 kvinner reiste ut, av desse kom 41 tilbake. Frå nokre familar utvandra søskenflokkar; frå 5 familar utvandra totalt 27. I all hovedsak var dei som utvandra uten odel. Ettersom lønnsnivået på denne tida var 10 gonger lønnsnivået i Noreg var nok valget om å utvandre lett. At halvparten kom tilbake viser nok at ein del fann livet der borte krevande.

Dei første 5 som reiste i 1858 var ein famile som var husmenn på plassen Kviene på Indre Berge, sjå bilete.

Stadar og stadnamn endre

Dugande spelemenn endre

 
Hustufter på husmannsplassen Kviene

Hardingfeleverket[5] nemner fire dugande spelemenn frå Berge:

  • Rognald Nilsson Ytre Berge (1797-1885)
  • Anders Sagen (1829-1922), flytta til Sagi i Balestrand, tok etternamnet sitt derifrå.
  • Sjur Hansson Berge (1848-1930), flytta til Balestrand i 1878.
  • Per Perge, nemnd 1870 i Hardingfeleverket.

Slåttar frå Sogn listar opp slåttar som er nedskrivne etter Anders Sagen og Sjur Berge. Desse fekk slåttar både frå Rognald og Per Berge.

Referansar endre

  1. Jordebog over Hr. Vincentius Lunges Gods i Norge omlag 1535. 
  2. Leif Leirnes, Adolf Førsund og Sigurd Førsund, Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, bind 1-3, 1963.
  3. Fritt Folk 14 februar (1928). «Et rundskue i Sogn etter ulykkesdagane.». 
  4. A.K. Hinna, «Garasjen kan ha berga livet til Einar (89)», TV2, 27. desember 2011.
  5. Arne Bjørndal, Truls Ørpen og Eivind Groven med fleire, Hardingfeleverket 1954-1981, «Norsk folkemusikk», bind 1-7, 1981.

Bakgrunnsstoff endre