Opna hovudmenyen

Høyanger kommune

kommune i Sogn og Fjordane

Koordinatar: 61°13′N 6°4′E

Høyanger kommune
kommune
Høyanger med kirken II.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Høyanger
Areal 908 km²
 - land 839 km²
 - vatn 69 km²
Folketal 4 154 (1. januar 2018)
Folketettleik 5 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Petter Sortland (Ap)
Kommunenr. 1416
NO 1416 Høyanger.svg
Wikimedia Commons: Høyanger
Nettstad: www.hoyanger.kommune.no

Høyanger er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Etter 1. januar 2020 vil han tilhøyra Vestland fylke.

TettstaderEndra

  • Austreim med 368 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Høyanger med 2 176 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Kyrkjebø med 277 innbyggjarar per 1. januar 2017

KommunesogeEndra

Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførde til Høyanger frå Vik kommune.[1] I grove trekk fekk Høyanger kommune same grensene som det Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt hadde då det vart oppretta i 1837, men Bø sokn, som høyrde til Lavik i 1837, høyrer no til Hyllestad kommune, og området lengst vest på sørsida av fjorden, frå og med Ytre Tredalen og til Åkre, som hadde høyrd til Evenvik formannskapsdistrikt (Gulen kommune) i 1837, kom med i Høyanger kommune i 1964.[2]

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for noverande Høyanger kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3630a 5048a 5844a 5666a 5512a 5404 5033 4835 4653 4256
a Talet omfattar ikkje området rundt garden Nybø og bruket Nygjerdet, som var del av Vik kommune fram til det vart overført til Høyanger kommune ved kommunesamanslåinga i 1964. Dette området hadde då ingen innbyggjarar.

Høyanger soknEndra

 
Kommunesenteret Høyanger
 
Lavik sett frå fjorden

Høyanger er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart oppretta 1. januar 1997, fram til då hadde området høyrd til Kyrkjebø sokn.[7] Soknet har ei kyrkje, Høyanger kyrkje som er frå 1960 og står i kommunesenteret Høyanger. Før kyrkja vart bygd vart fyrst klasserom på skulen, og sidan bedehuset, brukt som interimkyrkje.[8]

NæringslivEndra

Kjende personar frå HøyangerEndra

VenskapsbyarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra