Bergen Air Transport

Logo

Bergen Air Transport er eit norsk flyselskap med hovudbase på Bergen lufthamn, Flesland. Det vart skipa i 1998. Selskapet opererte fram til 24. april 2017 flyrute mellom Bergen og Notodden lufthamn, i tillegg til charteroperasjonar og frakt. Selskapet har i dag ingen fly, og driv i staden «konsulent tjenester, opprettholdelse av god service til gamle kunder, utleie av hangar og videreformidling av fly.»[1]

HistorieEndra

Bergen Air Transport vart etablert i 1998, og starta flygingar året etter. Dei fyrste operasjonane vart utførte med eit Cessna 421B-fly, men i 2000 vart dette erstatta med ein Cessna 421C som kunne frakta 6 passasjerar. Dette gjorde at selskapet kunne frakta passasjerar på ruta Bergen-Notodden.[2] I 2000 hadde selskapet 11 årsverk og ein omsetnad på 2,6 millionar kroner.

Ruta Bergen–Notodden vart i byrjinga operert fire gongar kvar vekentleg, men auka året etter til fem. Totalt reiste 1 500 passasjerar med selskapet dette året. I 2002 la selskapet fram planar om å etablera ei ny rute frå Notodden til Kristiansund. Desse planane vart skrinlagd grunna lita interesse for ruta.

Ein hangar for Bergen Air Transport vart bygd på Bergen lufthamn i 2003. Året etter vart eut av flya til selskapet erstatta med ein Cessna 441. Dette flyet vart igjen seld i 2006 då selskapet gjekk til innkjøp av to Beech King Air 200.

Den 20. november 2003 vart Notodden lufthamn stengd for all rutetrafikk, då flyplassen ikkje tilfredsstilte Tryggleikskravet til [[Luftfartstilsynet. Ruta vart då omlagt til Skien lufthamn, Geiteryggen. Selskapet investerte 500 000 kroner i utbetringa av Notodden lufthamn, og saman med bidraget til lokalsamfunnet på 1,2 millionar kroner var det nok til å rusta opp lufthamna, slik at selskapet enno kunne fly der.[3] Men det skulle berre gå eitt år før det oppstod nye problem med drifta til selskapet på Notodden. Lufthamna mangla innflygingslys, og ytterlegare 200 000 kroner måtte investerast i lufthamna for at selskapet skulle kunna halda fram drift.[4]

I 2007 bygde selskapet ein hangar på Notodden lufthamn. Samstundes gjekk selskapet til innkjøp av sit første jetfly, ein Cessna Citation. Frekvensen på rutaBergen –Notodden auka dette året til seks i veka.

Selskapet opererte på det meste tre fly; to 12-seters turbopropfly av typen Beech King Air 200, og éin 6-seters jet av typen Cessna Citation CJ2+. Selskapet hadde 10 tilsette. Forutan å betena ruta Bergen-Notodden, fokuserte selskapet på airtaxi/charterflygingar og gjorde i 2013 over 200 oppdrag til og frå destinasjonar i heile Europa.

KjelderEndra

  1. «Kundereferanse | - Fra fotballsupportere til kongelige», Vangdal Regnskap AS (på bokmål), henta 8. oktober 2019 
  2. «Historie». Arkivert frå originalen 2011-10-25. 
  3. «Fortsatt rutefly fra Notodden Lufthavn», www.ta.no (på norsk), 8. januar 2004, henta 8. oktober 2019 
  4. «Tretten lys til 200 000 kroner». varden.no. [daud lenkje]

BakgrunnsstoffEndra