60°23′23.107″N 5°19′34.597″E / 60.38975194°N 5.32627694°E / 60.38975194; 5.32627694

Bergen Kunsthall vart bygd etter Ole Landmarks teikningar i åra 1934-1935.
Bergen Kunsthall
Foto: Nina Aldin Thune

Bergen Kunsthall er eit kunstgalleri ved Lille Lungegårdsvann i sentrum av Bergen som produserer utstillingar av målarstykke, kunstinstallasjonar osb., står for presentasjon, formidling og sal av samtidskunst, og yter konsulenthjelp. Kunstutstillinga under dei årlege musikkfestspela i Bergen, Festspillutstillingen, vert arrangert i Bergen Kunsthall.

Bygningen er teikna av arkitekt Ole Landmark, og vart opna i 1935 som nybygg for Bergen Kunstforening. Kunsthallen er framleis eigd av Bergen Kunstforening, og var tidlegare kjend under dette namnet, men fekk i 2001 nemninga «kunsthall». Kunsthallen har fire utstillingssalar der det hovudsakleg vert synt eigenproduserte utstillingar. Kunsthallen mottek offentleg stønad.

Bakgrunnsstoff endre