Bergens Historiske Forening

Bergens Historiske Forening er ei lokalhistorisk foreining i og for Bergen, og den eldste lokalhistoriske foreininga i Noreg, skipa i 1894.

Foreininga ser det som si oppgåve å auke interessa for bergenssoga ved å gje ut eit årleg skrift med lokale tema, å gje ut kjeldeskrift og eldre sogeverk som kastar ljos over soga til byen, å skipa til vandringar med synfaringar kring i byen, og å arrangere føredrag og kåseri minst to gongar i året for medlemar og andre interesserte.

I dei meir enn hundre åra som foreininga har eksistert, har ho gjeve ut over hundre årsskrift og ein lang rad avhandlingar og kjeldesamlingar.

Bakgrunnsstoff

endre