Bergens Tekniske Museum

Bergens Tekniske Museum er eit museumMøhlenpris i Bergen. Muset vart skipa i 1989, og har tilhald i ein bygning oppført i 1912 i Thormølensgate 23 av AS Bergens Elektriske Sporvei som verkstad og oppstillingsplass for trikkar. Bygningen vart nytta til dette fram til 1965, då bytrikken i Bergen vart lagt ned, og deretter fekk anleggseksjonen i Bergen kommune disponere bygningen til sine føremål fram til 1989. Riksantikvaren har freda bygningen.

Bergens Tekniske Museum

Skipa1990
Kart
Bergens Tekniske Museum
60°23′02″N 5°19′16″E / 60.3838°N 5.32118°E / 60.3838; 5.32118
Den freda trikkestallen på Møhlenpris som hyser Bergens Tekniske Museum

Bergens Tekniske Museum vil syne den tekniske utviklinga i Bergen og på Vestlandet elles, med hovudvekta på transport og kommunikasjon. Museet legg vinn på å skape ei levande utstelling som gjer greie for korleis dei tekniske innretningane verkar, og publikum skal ha høve til å kome i fysisk kontakt med gjenstandane. Frå museet går det ei trikkeline ut i byen som det vert køyrd museumstrikk på i sommarsesongen.

Museet er ein paraplyorganisasjon for foreiningar og grupperingar som har den tekniske utviklinga på 1900-talet som sitt interesseområde. Dessutan har museet ein rad privatpersonar, verksemder og institusjonar som medlemar, og det er desse friviljuge som utan vederlag driv Bergens Tekniske Museum. Eit valt styre ivaretek interessene til museet.

Bakgrunnsstoff endre