Bergveronika
Bergveronika (Veronica fruticans) er ei fleirårig urt i kjempefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing.
Bergveronika | |
Bergveronika | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Stamme: | Veroniceae |
Slekt: | Veronikaslekta Veronica |
Art: | Bergveronika V. fruticans |
Vitskapleg namn | |
Veronica fruticans |
Planta vert kring 8 cm høg. Jordstengelen og nedre delen av stengelen er trehard. Tjukke blanke blad. Mørkblå blomstrar i halvskjerm. Bergveronika blomstrar kring juni månad på berg og grus på kalkrik grunn til fjells. Planta er heimleg i Noreg og veks i alle fjelltrakter. Ho er funnen opp til over 1800 m i Jotunheimen.[1]
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941.
- Svensk Wikipedia.