For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jotunheimen (fleirtyding).

Jotunheimen er eit fjellmassiv som ligg sentralt i Sør-Noreg mellom Ottadalen i nord, Gudbrandsdalen i aust, Valdres i sør og Sogn i vest. I området ligg dei høgste fjella i Nord-Europa, Galdhøpiggen og Glittertind. Dei atten andre høgste toppane i Fastlands-Noreg ligg i Jotunheimen, med Vestre Tverråtind på 2309 moh. som den «lågaste» av desse. Totalt har området over 80 toppar på over 2000 meter. Jotunheimen er eit populært turområde, og har eit godt utbygd hyttenett og mange merkte stiar. Den mest populære ruta i Jotunheimen er turen over Besseggen, som går mellom Gjende og Bessvatnet.

Besseggen mellom Bessvatn (t.v.) og Gjende.
Utsyn frå Besseggen mellom Gjende (t.v.) og Bessvatn.
Veotindane
Mellom Glittertinden og Galdhøpiggen.
Utsyn frå Galdhøpiggen.
Kyrkja frå aust
Tverrbytthornet (t.v.) og Midtre Tverrbottindan frå aust
Urdadalen

Det er ingen skarpe grenser for det eigentlege Jotunheimen. Til vanleg reknar ein med dei øvre delane av Heimdalen, Sikkilsdalen og Sjodalen i aust og fjelltraktene mellom Sognefjellet og Fortundalen/Middalen i vest til Jotunheimen. Grensa er noko fastare mot sør og sørvest, der fjellsjøane Vinstri, Bygdin og Tyin, og fylkesveg 53 Tyin–Øvre Årdal og vegen Øvre Årdal–Turtagrø dannar grensene. I nordvest vert Jotunheimen avgrensa av Bøverdalen, i nord av Ottavatn/Vågåvatn og i nordaust av Tessa og Sjodalen. I alt omfattar Jotunheimen etter denne avgrensinga eit område på om lag 3500 km2.

Jotunheimen omfattar delar av kommunane Lom, Vågå, Vang og Øystre Slidre i Oppland fylke, og Årdal og Luster i Sogn og Fjordane fylke. Nokre mindre område av kommunane Skjåk og Nord-Fron er også rekna med til den overnemnde avgrensinga.

I 1980 vart Jotunheimen nasjonalpark på 1151 km2 oppretta. Nasjonalparken omfattar dei sentrale delane av Jotunheimen og Hurrungane med alle dei høgste partia.

Namn endre

Jotunheimen vart i 1823 kalla for Jotunfjeldene av Baltazar Mathias Keilhau og Christian Peder Bianco Boeck. Jotunfjeldene var ei omsetjing av det tyske Riesengebirge mellom Schlesien og Böhmen.

Aasmund Olavsson Vinje, som gjekk mykje i området i 1860-åra, brukte namnet Jotunheimen i 1862, då i forma Jøtunheimen. Jotunheimen vart ikkje det einerådande namnet før fleire tiår etter. Ordet jotun tyder kjempe, og Jotunheim var namnet på staden jotnane heldt til i norrøn gudelære.

Geologi endre

Jotunheimen er ein del av den Kaledonske fjellkjeda og er bygd opp av eit stort flak av magmatiske bergartar, som frå nordvest vart skuva over underliggjande sedimentbergartar. Bergartane vart i hovudsak danna i periodane silur og devon for om lag 400 millionar år sidan.

Dei magmatiske bergartane er i hovudsak gabbro, som dominerer i Jotunheimen, og nærståande bergartar, for ein mindre del granitt og syenitt. Sedimentbergartane, vesentleg kambrosiluriske leirskifrar som i kaledonsk tid vart omdanna til fyllittar, dannar berggrunnen i Sjodalen og stikk ofte fram i utkantane av Jotunheimen.

Det er fleire førekomstar av jernrik olivinstein, som ved forvitring får rustraud farge, derav mange lokale namn på rau-. Desse bergartane er seige, harde og motstandsdyktige mot erosjon og dannar berggrunnen i dei høgste områda i Jotunheimen.

Geografi endre

Landskapet i Jotunheimen er forma av brear og elvar. Breane har grave botnar i fjellsidene, og mange stader har dei grave seg innover frå fleire sider slik at fjella har fått spisse, alpine former. Der breane har grave frå motsette dalsider mot same rygg, kan det vera ein smal egg att mellom dalane. Dess lenger vest ein kjem, desto fuktigare er klimaet, og breane og elvane har større kraft; derfor er også tindane gjennomgåande spissare, eggane skarpare, dalane djupare og dalsidene brattare i Vest- enn i Aust-Jotunheimen. Hurrungane i sørvest har mange av dei spissaste toppane i Noreg.

Dei rikaste plantefjella ligg i dei nordlege og austlege delane av Jotunheimen, der berggrunnen er laus med kalkrik skifer og kalkstein. Det er òg rikt planteliv i områda med gabbro. Planta issoleie er funnen 2370 moh. på Galdhøpiggen, noko som er høgderekord for planter i Noreg.[1]

Fjella i Jotunheimen endre

Dei høgste partia vest for hovudvasskiljet i Jotunheimen er Hurrungane, der det er fem toppar over 2300 moh. Høgst når Store Skagastølstind (Storen, 2405 m). Det største vassdraget er Utla/Årdalselva med utløp i Årdalsfjorden. I Utladalen er det ville Vettisgjelet. Mellom Skagastølstindane og Fannaråken fører Helgedalen, lenger nede kalla Bergsdalen, ned i Fortundalen, og Fortundalselva fell ut i Lustrafjorden.

Aust og nord for hovudvasskiljet i Jotunheimen samlar elvane seg anten i Otta, Sjoa eller Vinstra. Utanom Hurrungane finst fire avgrensa massiv med toppar over 2300 moh. Mellom Leirdalen og Visdalen i nordvest ligg Galdhøpiggmassivet med 9 toppar over 2300 moh., mellom anna Galdhøpiggen (2469 moh. ,det høgste fjellet i Noreg). Aust for Visdalen og nord for Veodalen/Skautflya ligg Glittertindmassivet med to toppar over 2300 moh. Høgst er Glittertind (2466 moh., herav fast berg 2452 moh.). Mellom Skautflya/Veodalen og Gjende ligg eit stort fjellområde med i alt sju toppar over 2300 moh., mellom anna Heillstugutindane (Store Heillstugutind, 2339 m), Memurutindane (Store Memurutind 2364 m) og Surtningssui (2368 m). Tindane mellom Gjende og Bygdin, har to toppar over 2300 moh. (Store Knutsholstind, 2341 m, og Tjørnholstind, 2330 m). Av desse fire massiva har Galdhøpiggmassivet avløp anten direkte til Bøvra eller til dei to tilløpa av elva til Leira og Visa. Glittertindmassivet dannar vasskiljet mellom Visa i vest, Smådøla i nord og Veo i sør og aust. Sjoa er avløpet til elva Gjende, og til denne elva har det meste av massivet mellom Gjende og Veodalen/Skautflya avløp. Tindane sør for Gjende ligg på vannskiljet mellom Gjende (Sjoa) og Bygdin (Vinstra).

Elvane i Jotunheimen endre

Vassdraga i Jotunheimen har avløp dels vestover til Sognefjorden og dels nordover og austover til Gudbrandsdalslågen. Vasskiljet går mellom Bygdin og Tyin over Langeskavlen og Mjølkedalsbreen og følgjer herfrå stort sett fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland over Sjogholstind, Raudalsegga, Høgvagltindane og Stetind. Herfrå går vasskiljet aust–vest over Smørstabbreen og dreier så nordover på Sognefjellet og går over Krosshø mot Høydalen.

Breane i Jotunheimen endre

Systematiske brefrontmålingar har vore drivne i området sidan kring 1900. Dei fleste breane i Jotunheimen er botnbrear. Breane i Jotunheimen er ikkje store av seg, men dei utgjer til saman 10 % av dei totale isbreane i Noreg.

Frå 1948 starta Norsk Polarinstitutt målingar av volumendringar på Storbreen. Breane har stort sett gått tilbake, men med enkelte kortare vekstperiodar. Jotunheimen har truleg vore heilt isfri under den milde klimaperioden i yngre steinalder, men breane er kome attende seinare i perioder med kjøligare og fuktigare klima. Dei hadde store framstøyt i fyrste halvpart av 1700-talet og har også seinare hatt mindre framstøyt, seinast i byrjinga av 1920-åra. Den store klimaendringa med varme somrar frå omkring 1930 har ført med seg ei større tilbakedraging av breane, noko som har ført til store område av naken ur og morene. Etter 1988 har tilbakegangen stagnert. Enkelte brear har vist ei svak volumauke, men ingen brefrontar har rykt framover. Etter 2000 har breane minka på ny.

Turisme endre

Jotunheimen er i dag mest kjend som eit turistområde, men eigentleg turistferdsel byrja fyrst i andre halvpart av 1800-talet.

Felægrer og jakt- og fiskebuer var dei einaste overnattingsstadene i Jotunheimen inntil Den Norske Turistforening (DNT) byrja å reisa husvære for turistane. Tvindehougen vart den fyrste hytta DNT bygde i Jotunheimen og vart opna i 1871. Den eldste av dei noverande hyttene til DNT er Gjendebu, som vart oppført i 1871. DNT har 12 hytter i Jotunheimen, dertil er det 29 private turisthytter og hotell i fjellområdet.

Dei mest populære rutene går over Besseggen og i området omkring i Aust-Jotunheimen. For fjellklatring er Hurrungane i Vest-Jotunheimen ein populær destinasjon.

Samferdsel endre

I nordvest går fylkesveg 55 Lom–Bøverdalen–Sognefjell–Skjolden, i sørvest fylkesveg 53 mellom Tyinkrysset på E16 over Filefjell og Årdal langs sørbreidda av Tyin. I aust går fylkesveg 51 frå Øystre Slidre til austenden av Bygdin og vidare over Valdresflye til austenden av Gjende. Herfrå følgjer vegen dalføret av Sjoa til Randsverk, der han fører over fjellet til Randen i Vågå. Det går private bilvegar frå Gudbrandsdalen til setertraktene i dei austlege delane av Jotunheimen, det same gjeld frå Randsverk til Glitterheim. Denne er stengd med bom eit stykke utanfor nasjonalparken.

Private vegar finst òg frå Bøverdalen inn Visdalen til Spiterstulen, inn Leirdalen til Leirvassbu og frå Galdesand til Juvasshytta (1841 moh.) oppunder Galdhøpiggen, den høgstliggjande bilvegen i Noreg. Frå sørenden av Tyin går det veg langs austsida av Tyin til Tyinholmen og Eidsbugarden (fylkesveg 252), og frå Øvre Årdal vest for Hurrungane (i Fardalen og Berdalen) Tindevegen til Turtagrø.

Innsjøane Gjende og Bygdin vert trafikkerte av motorbåtar i sommarmånadene.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«Jotunheimen» av Geir Thorsnæs og Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jotunheimen