Beringsundet er eit sund som skil Russland i Asia frå Alaska i Amerika, og bind saman Tsjuktsjarhavet i Nordishavet med Beringhavet i Stillehavet.

Satellittbilde av Beringsundet, med Diomedesøyane i midten.

Sundet er kalla opp etter den dansk-russiske oppdagaren Vitus Bering, som kryssa det i 1728. Det er rundt 85 km vidt, med ei djupne på 30–50 meter. Midt i sundet ligg Diomedesøyane.

Bru over Beringsundet endre

Det er gjort framlegg om å laga ei bru som bind saman det eurasiske og det amerikanske kontinentet, føreslått kalla «den interkontinentale fredsbrua». Eit anna framlegg er å laga ein tunnel under sundet.

Under dei store istidene var området sundet no ligg i ei landbru mellom dei to kontinenta, og det amerikanske urfolket kom seg dit denne vegen.