Amerikanske urfolk
Amerikanske urfolk er alle dei ulike folkeslaga som heldt til i Amerika før Columbus innleia koloniseringa av verdsdelen. Tidlegare, nokså upresise nemningar for desse folka er indianarar og eskimoar.
HistorieEndra
Antropologisk og genetisk forsking tyder på at dei amerikanske urfolka vandra inn i verdsdelen frå Sibir over ei landbru i Beringsundet for 17 000 til 11 000 år sidan. Dette kan ha skjedd i fleire bølger og førte til slutt til at verdsdelen blei busett av folkegrupper med ulike kulturar og levevis.
Medan mange grupper, særleg i Nord-Amerika, levde som nomadar av jakt og sanking, skapa andre jordbrukssamfunn med landsbyar og byar, som i Aztekar- eller Inkariket. Dei fleste levemåtane blei likevel sterkt endra etter at dei kom i kontakt med europearar, som innførte religion og samfunnsordningar frå sin verdsdel, i tillegg til nye dyr, sjukdommar, materiale og våpen.
Talet på dei innfødde amerikanarane sokk kraftig etter koloniseringa som følgje av erobringskrigar, tvangsflytting og sjukdommar dei ikkje hadde resistens mot. Dei har enda opp som minoritetar i mange av dei moderne amerikanske statane, og har òg mangla makt i dei statane der dei er i fleirtal.
InndelingEndra
Amerikanske urfolkgrupper er ofte blitt delte inn i stammar eller i breiare grupper, ut frå kva språk dei snakka.
ArktisEndra
SubarktisEndra
CaliforniaEndra
|
|
Eastern WoodlandsEndra
|
|
Great BasinEndra
- Bannock
- Chemehuevi
- Gosiute Utah
- Kawaiisu
- Koso
- Monofolk
- Owen's Valley-folk
- Northern Paiute California, Nevada, Oregon [Burns-Paiute], Arizona
- Southern Paiute (Kaibab)
- Panamint
- Paviotso
- Shoshone (Shoshoni) Nevada, Wyoming, California
- Timbisha
- Ute Utah, Colorado
- Washo Nevada, California
PlateauEndra
|
|
Northwest CoastEndra
|
|
PlainsEndra
|
|
SøraustEndra
|
|