Berkel er ei elv i Nederland og ei av sideelvane til IJssel frå høgre.

Berkel
elv
Land  Nederland,  Tyskland
Kart
Berkel
52°08′25″N 6°11′28″E / 52.140277777778°N 6.1911111111111°E / 52.140277777778; 6.1911111111111
Wikimedia Commons: Berkel
Berkel i Gescher
Berkel nær Eibergen

Ho har utspring i Billerbeck i Tyskland, nær byen Münster i Nordrhein-Westfalen, og kryssar grensa til Nederland nær Vreden (Tyskland) og Rekken (Nederland). Frå her renn ho gjennom provinsen Gelderland og munnar ut i IJssel ved Zutphen etter om lag 110 km.

Før jernbanen kom til området var Berkel ei stor transportåre for varer frå Münster til Eibergen, Borculo og Zutphen, transportert i båtar med flat botn kalla Berkelzompen. I 1950-åra vart den nederlandske delen av elva kanalisert for å hindre flaum og for å betre dreneringa. I nyare tid har dei gamle svingane i elva vorte ført tilbake i elva sitt naturleg leie.

Byar langs Berkel er:

Kjelder

endre