IJssel, stundom kalla Gelderse IJssel (Gelderlandske IJssel) for å skilje ho frå Hollandse IJssel, er ei 120 km lang grein av Rhinen i provinsane Gelderland og Overijssel i Nederland. Ho renn frå Westervoort, aust for byen Arnhem, før ho munnar ut i IJsselmeer (kjend som Zuiderzee fram til Afsluitdijk stod ferdig i 1932). I mellomalderen var IJssel sin elvemunning Vlie. Ho er ein av tre store greiner som Rhinen deler seg i kort tid etter ho passerer grensa mellom Tyskland og Nederland. Dei to andre er Nederrijn og Waal. Namnet IJssel meiner ein kjem frå det germanske ordet i sala, som tyder «mørkt vatn». Vassføringa i IJssel kan variere stort. Middelavassføringa er 300 m³/s, men kan variere frå 140 til 1 800 m³/s.

Satellittbilete av IJssel
IJssel ved Deventer

IJssel som den nedre delen av Oude IJssel endre

IJssel var ein gong den nedre delen av Oude IJssel («Gamle IJssel»), ei lita elv med utspring i Tyskland og som i dag er ei 70 km lang sideelv til IJssel. Dei renn i hop ved Doesburg. Sambandet mellom Rhinen og IJssel er sannsynlegvis kunstig og ein trur det vart graven ut for hand i romartida under general Nero Claudius Drusus som eit forsvarsverk mot germanske stammer og for at romarane kunne transportere troppar på ho. Den noverande Oude IJssel er, etter Rhinen, den elva som fører mest vatn til IJssel. Kjelda til Oude IJssel ligg nær Borken i Nordrhein-Westfalen. Først renn ho sørvestover, før ho nesten renn i hop med Rhinen nær Wesel. Så snur ho nordvestover, og etter Isselburg kryssar ho grensa til Nederland. Ho munnar ut i IJssel i Doesburg.

IJssel som grein av Rhinen endre

Då kanalen mellom Rhinen og IJssel vart graven ut vart Rhinen den største vasskjelda til IJssel, sjølv om relativt lite vatn frå Rhinen kjem inn i IJssel-systemet. Forskjellige sideelvar kan stundom gje mykje vatn til IJssel, til dømes Berkel og Schipbeek. IJssel er den einaste greina i Rhindeltaet som tar imot sideelvar.

Nær elvemunningen deler derimot IJssel seg òg opp i fleire greiner i det relativt litle IJsseldeltaet. Dei fleste greinene i deltaet er demma opp for å hindre flaum. Fleire av småelvane i deltaet renn derimot uhindra. Dette står i kontrast til eldre tider då Zuiderzee med tidvatn vart omforma til den grunne og ferske IJsselmeer utan tidvatn, noko som hindra vidareutvikling av deltaet.

IJssel er meir eller mindre ei elv på eiga hand, sjølv om ho får vatn frå Rhinen kan ho fint klare seg utan vatnet ho får herfrå.

Sideelvar og kanalar endre

Følgjande kanalar og sideelvar er knytt til IJssel:

Delta endre

 
IJssel ved Wijhe

Nær byen Kampen munnar IJssel ut i IJsselmeer via eit lite elvedelta. Greinene i deltaet vert kalla, frå vest til aust, Keteldiep, Kattendiep, Noorddiep, Ganzendiep og Goot. Av desse er Keteldiep og Kattendiep kanalar som er transportårer. Noorddiep har vorte stengd i begge endar.

Delta er delvis delt med elva Vecht, som renn som Zwarte Water (Svarte Vatn) ut i Zwarte Meer. Denne innsjøen kunne kanskje vorte rekna som ein del av IJsseldeltaet.

Jernbanebruer (med næraste stasjon på venstre og høgre breidd):

Sjå òg endre

Kjelde endre