Bern-Jura (tysk Berner Jura, fransk Jura bernois) er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 541 km2 og hadde 51 539 innbyggarar i 2009. Distriktet grensar i nord til kantonen Jura, og til kantonen Fribourg i nordaust og til kantonen Neuchâtel i sørvest. Distriktet høyrer til forvaltningsregionen Berner Jura, som det einaste distriktet.

Bern-Jura
Verwaltungskreis
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Hovudstad Courtelary
Areal 541 km²
Folketal 51 668  (31. desember 2010)
Kommunar 49
Kart
Bern-Jura
47°12′11″ N 7°13′1″ E
Wikimedia Commons: Jura bernois (administrative district)

Distriktet Berner Jura består av 49 kommunar. Moutier er den einaste av kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Belprahon, Bévilard, Champoz, Châtelat, Corcelles, Corgémont, Cormoret, Cortébert, Court, Courtelary, Crémines, Diesse, Eschert, Grandval, La Ferrière, La Heutte, Lamboing, La Neuveville, Loveresse, Malleray, Monible, Mont-Tramelan, Nods, Orvin, Perrefitte, Péry, Plagne, Pontenet, Prêles, Rebévelier, Reconvilier, Renan, Roches, Romont, Saicourt, Saint-Imier, Saules, Schelten, Seehof, Sonceboz-Sombeval, Sonvilier, Sornetan, Sorvilier, Souboz, Tavannes, Tramelan, Vauffelin og Villeret.

Kjelder endre