Bernadett Bódi
Bernadett Bódi (fødd 9. mars 1986 er ein ungarsk handballspelar frå Szeged. Ho er firfaldig vinnar av EHF-meisterligaen med Győri ETO og bronsemedaljør med Ungarn frå Handball-EM 2012. Bódi er høgre kantspelar.
Bernadett Bódi | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 9. mars 1986 (38 år) Szeged |
Idrett | handball |
Tok del i | Håndball under Sommer-OL 2008, Handball-VM 2017 for kvinner |
Karriere
endreKlubbspel
endreFrå 2002 spelte Bódi på Győri ETO, ein klubb som i 2005 vart nasjonal seriemeister for fyrste gong på 46 år. I 2007 flytta ho til det danske topplaget Randers HK. Etter to sesongar i Danmark returnerte ho til Ungarn, åra frå 2009 til 2013 var ho etter tur aktiv i Békéscsabai Előre, Siófok KC og Dunaújvárosi Kohász. Perioden 2013-20 spelte ho atter for Győri ETO, og med dette laget vann ho EHF-meisterligaen i 2014, 2017, 2018 og 2019.
Landslagsspel
endreBódi deltok i tida 2005-18 i 141 av Ungarns landskampar og skåra 263 mål. Ho deltok i Sommar-OL 2008, Handball-VM 2009 og europameisterskapa 2010 og 2012. I den sistnemnde turneringa var ho med om slå Serbia 41-38 i bronsefinalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bernadett Bódi» frå Wikipedia på tysk, den 7. oktober 2022.