Bernt Anker
Bernt Anker (fødd 22. november 1746 Kristiania, død 21. april 1805)[1] var ein norsk forretningsmann, skipsreiar, skogeigar, trelasteksportør, godseigar, verkseigar, kammerherre og konferensråd. Han var Noregs rikaste mann i si samtid og eigde mellom anna Hakadal Verk og Moss Jernverk, Paléet og Frogner Hovedgård.[1]
Bernt Anker | |||
| |||
Fødd | 22. november 1746 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 21. april 1805 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | handelsmannn, bergverkseier | ||
Ektefelle | Mathia Collett | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Anker var son av Christian Ancher og bror av Peder Anker. Han var gift med Mathia Leuch fødd Collett, enkje etter Morten Leuch. Dei fekk inga born.
Attåt forretningsdrifta var Anker òg opptatt av vitskap og teater. Han blei tatt opp som medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1770 og av den engelske Royal Society i London i 1784.[2] Han var òg medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.
Anker blei adla i 1778 og fekk seinare Dannebrogordenen.
Han testamenterte Paléet til det offentlege og bygningane blei seinare nytta som kongebustad.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bernt Anker frå Norsk biografisk leksikon
- ↑ Nils Voje Johansen: I spennet mellom ballongferd og universitetskamp - litt om Bernt Anker som naturviter[daud lenkje]. I Byminner nr.4-2008, s.5-6