Bernt Evensen
Bernt Sverre Evensen (8. april 1905–24. august 1979) var ein norsk skøyteløpar og syklist. Han slo igjennom for fullt som skøyteløpar i 1927, då han vann både NM, EM og VM i eit og same år. Evensen er den første nordmann som vann olympisk gull, ved å vinne 500 m under Vinter-OL 1928 i St. Moritz. Dette var forøvrig ein siger han delte med den finnske skøyteløparen Clas Thunberg. Under dei same leikane, vann Evensen også sølv på 1,500 m og bronse på 5,000 m. På 10,000 m var han på ein førebels andreplass, 0,1 sekund bak Irving Jaffee, då løpet måtte stoggast grunna mildvær.
Bernt Evensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 1905 Christiania |
Død |
24. august 1979 (74 år) |
Yrke | skøyteløpar, sykkelryttar, banesyklist, skøytetrener |
Høgd | 175 centimeter |
Far | Christian Evensen |
Bernt Evensen på Commons |
Under Vinter-OL 1932 i Lake Placid, kom Evensen på ein andreplass på 500 m. Han og Ivar Ballangrud var dei einaste europeiske skøytekøparane under desse leikane. Dette kan nok skuldast på at løpa vart arrangert i amerikansk pack-stil, der alle skøyteløparane starta samtidig. Dette var eit format som var ukjend for euopeiske skøytarar flest.
Som syklist vann Evensen 11 norske meisterskap. I 1928 vart han tildelt Egebergs Ærespris. Etter den andre verdskrigen var Evensen ei stund trenar for Oslo Skøiteklub.
Bakgrunnsstoff
endre- Bernt Evensen hjå SkateResults.com Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Evert Stenlund sine sider om Adelskalenderen Arkivert 2007-02-12 ved Wayback Machine.
- Historiske verdsrekordar frå International Skating Union
- Medaljestatistikk frå Norges Skøyteforbund - pdf