Ivar Ballangrud (7. mars 19041. juni 1969) var ein norsk skøyteløpar frå Lunner i Hadeland. Han var ein av dei beste skøyteløparane i verda i ein periode på 15 år, frå gjennombrotet som langdistanseløpar i 1924 og fram til 1939. Ballangrud utgjorde «Hadelandstrioen» saman med Michael Staksrud og Hans Engnestangen.

Ivar Ballangrud

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mars 1904
Lunner
Død

1. juni 1969 (65 år)
Trondheim

Yrke skøyteløpar
Høgd 180 centimeter
Ivar Ballangrud på Commons

Biografi

endre

Som nittenåring gjorde Ivar Ballangrud sitt gjennombrot nasjonalt og internasjonalt i 1924, sjølv om det var for seint i sesongen til å bli med til Vinter-OL i Chamonix. Under VM i Helsingfors det året var han var parkamerat med finnen Julius Skutnabb, som nettopp hadde vorte olympisk meister i 10 000 m. Ballangrud slo finnen som var på heimebane. Dette var den første verdsmeisterskapen der Ballangrud deltok. Etter at den neste sesongen vart øydelagd på grunn av revmatisme, kom Ballangrud tilbake i 1926 og vart både noregsmeister og verdsmeister.

Under Vinter-OL i St. Moritz i 1928 vann Ballangrud si første olympiske gullmedalje. Det var då han vann på 5 000 m. Dessutan skaffa han seg ein sølvmedalje på 1500 m. Enno ein olympisk sølvmedalje fekk han fire år seinare, under OL i Lake Placid. Han kunne nok ha vore favoritt til å vinne enno fleire medaljar under dette OL, om ikkje distansane hadde vore arrangert som fellesstart, den rådande nordamerikanske metoden.

Ballangrud sin store sesong var i 1936, då han vann NM, EM, VM og tre OL-distansar; 500, 5 000 og 10 000 meter, pluss sølvmedalje på 1500 meter. Berre lagkameraten Charles Mathiesen kunne stogge Ballangrud i å vinne den distansen. 500-metersigeren var omdiskutert. Tilskodarar med stoppeklokke hadde langt dårlegare tid for Ballangrud enn den offisielle tida, og pressa hevda at det hadde oppstått ei misforståing mellom tidtakarar og protokollføraren, noko arrangørane lét vere å rette opp i av prestisjeomsyn. Sigeren gjekk difor til Ballangrud i staden for Georg Krog som mange meinte var den rette vinnaren.

I tillegg til lengdeløp på skøyter var Ballangrud aktiv i sykling og skihopping. Han var blant dei første norske idrettsutøvarane som konkurrerte i Sovjetunionen, men han høyrde til aldri Arbeidernes Idrettsforbund. Under og etter idrettskarrieren dreiv han sportsbutikk, først i Drammen og seinare i Trondheim.

Verdsrekordar

endre

Gjennom heile karrieren skøyta Ballangrud inn til fem verdsrekordar:

Event Result Date Venue
5,000 m 8.24,2 19. januar 1929 Davos
5,000 m 8.21,6 11. januar 1930 Davos
3,000 m 4.49,6 29. januar 1935 Davos
5,000 m 8.17,2 18. januar 1936 Oslo
10,000 m 17.14,4 6. februar 1938 Davos

Personlege rekordar

endre

For å setje desse personlege rekordane i perspektiv, viser tabellen gjeldande verdsrekord på dei same datoane.

Lengde Resultat Dato Stad Gjeldande verdsrekord
500 m 42,7 31. januar 1939 St. Moritz 41,8
1,000 m 1.29,3 24. februar 1937 Oslo 1.28,4
1,500 m 2.14,0 29. januar 1939 Davos 2.14,9
3,000 m 4.49,6 29. januar 1935 Davos 4.59,1
5,000 m 8.17,2 18. januar 1936 Oslo 8.18,9
10,000 m 17.14,4 6. februar 1938 Davos 17.17,4

Merk at Ballangrud sin personlege rekord på 1,500 m ikkje var verdsrekord ettersom Hans Engnestangen skøyta inn 2.13.8 ved den same konkurransen.

Litteratur

endre
  • Eng, Trond. All Time International Championships, Complete Results: 1889 - 2002. Askim, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 2002.
  • Eng, Trond; Gjerde, Arild and Teigen, Magne. Norsk Skøytestatistikk Gjennom Tidene, Menn/Kvinner, 1999 (6. utgave). Askim/Skedsmokorset/Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 1999.
  • Eng, Trond; Gjerde, Arild; Teigen, Magne and Teigen, Thorleiv. Norsk Skøytestatistikk Gjennom Tidene, Menn/Kvinner, 2004 (7. utgave). Askim/Skedsmokorset/Veggli/Hokksund, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 2004.
  • Eng, Trond and Teigen, Magne. Komplette Resultater fra offisielle Norske Mesterskap på skøyter, 1894 - 2005. Askim/Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 2005.
  • Teigen, Magne. Komplette Resultater Norske Mesterskap På Skøyter, 1887 - 1989: Menn/Kvinner, Senior/Junior. Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 1989.
  • Teigen, Magne. Komplette Resultater Internasjonale Mesterskap 1889 - 1989: Menn/Kvinner, Senior/Junior, allround/sprint. Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 1989.

Bakgrunnsstoff

endre