Bernt Frilén
Bernt Frilén (3. juni 1945–7. mai 2019) var ein svensk orienteringsløpar. I tida 1967-75 vann han tre gullmedaljar i verdsmeisterskap og like mange gullmedaljar i nordiske meisterskap.
Bernt Frilén | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 3. juni 1945 Sverige |
Død | 7. mai 2019 (73 år) Varberg |
Idrett | orientering |
Frilén var nærare 6 minutt føre den beste av tre landsmenn då han i 1967 vart nordisk meister i danske Viborg. Fire år seinare kom han på sølvplass både i den individuelle tevlinga og i stafetten ved den nordiske meisterskapen, i begge tevlingane sprang Åge Hadler inn til triumf. Under VM 1972 måtte Frilén sjå seg slått av Stig Berge og Åge Hadler individuelt, men sprang så Sverige inn til suveren fyrsteplass i stafetten. Då VM 1974 fann stad i danske Silkeborg lukkast Frilén vinne både den individuelle øvinga og stafetten. Året etter kopierte han prestasjonen då han vart nordisk meister med 8 sekunds margin til den finske sølvmedaljøren, før han avslutta med å vinne stafetten for Sverige.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- Nordisk 1967: Gullmedalje
- Nordisk 1969: Nr 6
- VM 1970: Sølv i stafett
- Nordisk 1971: Sølvmedalje individuelt og i stafett
- VM 1972: Bronse individuelt, gull i stafett
- VM 1974: Gullmedalje individuelt og i stafett
- Nordisk 1975: Gullmedalje individuelt og i stafett
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bernt Frilén» frå Wikipedia på svensk, den 30. juni 2023.