Bernt Lorentzen (29. november 190321. mars 1991) var ein norsk lærar og historikar frå Bergen.

Bernt Lorentzen
Fødd 29. november 1903
Død

21. mars 1991 (87 år)

Yrke historikar

Lorentzen vart cand.philol. i 1929 og var lærar ved Tanks skole i heimbyen frå 1931 til 1954, dessutan i mange år timelærar ved Bergen tekniske skole. I 1953 vart han dr.philos. gjennom avhandlinga Gård og grunn i Bergen i middelalderen. Frå 1954 til -71 var han direktør ved Det Hanseatiske Museum i Bergen.

I førti år, 1931-71, var Lorentzen styremedlem i Bergens Historiske Forening, formann 1954-59. Han skreiv bøker og mange artiklar om det historiske Bergen, mellom anna Bergens by i svunne dager og Ostindiaflåten.

KjelderEndra