Bernt Lund (14. juli 181230. august 1885) var ein norsk offiser og ingeniør, fødd i Våler i Hedmark. Han var ingeniøroffiser i vegvesenet i 25 år, og elles kunstmålar og forfattar av diktet 'Trysil-Knud'. Frå 1847 var han gift med Hedevig Lund.

Bernt Lund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1812
Våler kommune
Død

30. oktober 1885 (73 år)
Christiania

Yrke skribent, kunstmålar, lyrikar, ingeniør
Språk norsk, dansk
Ektefelle Hedevig Lund
Bernt Lund på Commons
Ekteparet Bernt og Hedevig Lund

Lund voks opp på garden Lund i Våler i Solør. Etter examen artium i 1831 studerte han i tre år teologi ved universitetet og arbeidde som lærar ved Christiania Søndagsskole. År 1834 tok han steget over i det militære og tok i 1837 offiserseksamen ved Krigsskulen. Ved den tid skreiv han ned folkeminne frå heimbygda og var med i eit litterært selskapslag kalla Tollekniven. Sidan gjorde han nokre år teneste i kavaleriet. Tidleg gjekk han i målarlære hos Thomas Fearnley og seinare med Hans Gude i Düsseldorf, og viste framifrå evner som landskapsmålar.

Fra Ulvik i Hardanger, 1851

Frå 1847 dreiv Lund på og kartla områda mellom Hallingdal og Lærdal, då det skulle byggjast veg over Hemsedalsfjellet. Han var premierløytnant ved Trondhjemske ridende jegerkorps frå 1850 og forfremja til rittmeister og sjef for Sparboske eskadron i 1863. Same året byrja han på heiltid å arbeide i vegstellet, der han 1853-78 var tilsett som ingeniør.

Lund skreiv elles dikt og gav ut Nogle Digte i 1882. Hans mest kjende dikt, 'Trysil-Knud', stod i fleire tiår i lesebøker for folkeskulen.

Kjelder endre