Bernt Maschmann
norsk politikar
Bernt Sverdrup Maschmann (17. oktober 1805–13. mai 1869) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiania.
Bernt Maschmann | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1805 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 13. mai 1869 (63 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Far | Hans Henrich Maschmann | ||
Alle verv |
|
Maschmann var son til apotekaren Hans Henrich Maschmann i Kristiania. Sjølv vart han student i 1824, og cand. theol. i 1829. Han var sokneprest i Vega frå 1830, og i Hobøl frå 1837. I tillegg var han frå 1849 prost i øvre Borgesyssel.
I 1845 var Maschmann 3. representant på Stortinget frå Smaalenenes amt. Han var medlem av justiskomite nr 1.
Han døydde på prestegarden i Hobøl i 1869.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Bernt Maschmann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv