Vega kommune
Vega er ein øykommune på Helgeland i Nordland fylke som grensar til kommunane Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug. Dei 6 500 øyane, holmane og skjera i kommunen står på UNESCO si verdsarvliste.
Vega kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Gladstad | ||
Areal | 164,79 km² | ||
• land | 162,65 km² | ||
• vatn | 2,14 km² | ||
Folketal | 1 208 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Andre Møller (Ap) | ||
Kommunenr. | 1815 | ||
Vega kommune 65°40′31″N 11°57′28″E / 65.675277777778°N 11.957777777778°E | |||
Kart som viser Vega kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vega, Nordland | |||
Nettstad: www.vega.kommune.no |
- Sjå òg stjerna Vega
Geografi
endreI tillegg til hovudøya Vega har også øyane Ylvingen og Omnøy fastbuande. Andre øyer er Søla og Skogsholmen. På sørsida av øya Vega ruver dei om lag 700 meter høge Vegtindan, medan nordsida hovudsakleg er myrlandskap.
Historie
endreDei eldste busettingane på Vega er datert til steinalderen, 10 000 år tilbake. Dette er den aller tidlegaste påviste busettinga i Nord-Noreg. Truleg var det dei fiskerike grunnvassområda rundt øya som gjorde at folk busette seg der.
Kultur
endreKommunen er deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen «En ny samtale» av den finske kunstnaren Kain Tapper.
Næringsliv
endreDei viktigaste næringsområda i kommunen er jordbruk, fiske og lokal tenesteyting. Det finst òg ein del fiskeforedling i kommunen.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Vega kommune sin nettstad
- Vega verdensarv Arkivert 2005-04-03 ved Wayback Machine.