Bersvend Martinusson Røkkum

norsk politikar

Bersvend Martinusson Røkkum (1. februar 180614. september 1867) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå StangvikNordmøre.

Bersvend Martinusson Røkkum
Fødd2. februar 1806
Død14. august 1867 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Far hans var leiglending på garden Røkkum/Rykkjem i Stangvik. Sjølv gjekk han i 1827 på Jakob Sverdrup sin landbruksskule i Sem i Vestfold. Han kjøpte garden Vassli i Halsa på Nordmøre og busette seg der. Sidan flytta han til garden Innreiten i Halsa, før han fór vidare til høvesvis Fløstad og Senberget i heimbygda Stangvik. År 1849 kjøpte han Røkkum, ein gard forfedrane hans hadde bygsla i fleire slektsledd.

Røkkum var den fyrste ordføraren i Halsa, sidan medlem av heradsstyret i Stangvik. Han var 3. representant frå Romsdals amtStortinget 1842, medlem av justiskomiteen.

Røkkum døydde 1867 på ei reise til Kristiansund.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914