Halsa kommune
tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Halsa)
Halsa er ein tidlegare norsk kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Han omfatta dei tidlegare herada Halsa og Valsøyfjord, og i tillegg Engdal krins, som tidlegare høyrde til Aure herad. Kommunesenteret låg på Liabøen, mellom Vågland og Betna. Nabokommunar var Aure i nord, Hemne i Sør-Trøndelag i aust, Rindal og Surnadal i sør og Tingvoll i vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Hemne og delar av Snillfjord i Trøndelag til Heim kommune.
Halsa kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Liabø | ||
Areal | 301 km² | ||
• land | 293 km² | ||
• vatn | 8 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ola Rognskog (Sp) | ||
Kommunenr. | 1571 | ||
Halsa kommune 63°06′50″N 8°28′13″E / 63.113888888889°N 8.4702777777778°E | |||
Kart som viser Halsa kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Halsa | |||
Nettstad: www.halsa.kommune.no |
Kjende folk frå Halsa
endre- Ingvar Hestnes, (1904–1990), spelemann
- Anne Karin Elstad, (1938–2012), forfattar
- Leif Halse, (1896–1984), forfattar
Kjelder
endre- ↑ Aune, E.I., Kartlegging av biologisk mangfold (naturtyper) i Halsa kommune NTNU Vitenskapsmuseet, Rapport botanisk serie 2005-3.