Bert Ruiter

nederlandsk musikkprodusent, gitarist og komponist

Bert Ruiter (26. november 194624. mars 2022) er ein nederlandsk bassist, plateprodusent og komponist.

Bert Ruiter

Bert Ruiter (1974)
Fødd26. november 1946
FødestadAmsterdam
Død24. mars 2022 (75 år)
OpphavKongeriket Nederlanda
Instrumentbassgitar, gitar
Verka sommusikkprodusent, gitarist, komponist

Albertus Clemens Ruiter var fødd i Amsterdam og vokste opp i Hilversum. Då han var tolv byrja han å spele gitar og byta seinare til bassgitar. I 1966 byrja han karrieren sin då han erstatta Dick Ankersmit som bassist for The Caps, med songaren Hans van Hemert og gitaristen Roy Beltman. Seinare spelte han i gruppene Fullhouse and the Jay-Jays.

I september 1971 erstatta han Cyril Havermans som bassisten i Focus.[1] Han vart verande med Focus til gruppa vart oppløyst i 1978. Han vart så med i Earth and Fire med Jerney Kaagman som vokalist. Dei to forlet seinare Earth and Fire, og Ruiter arbeidde med Kaagman på soloalbuma hennar og tok gradvis over rolla som produsent og arangør. I 1999 vart Ruiter med Thijs van Leer att og trommeslagaren Hans Cleuver og gitaristen Menno Gootjes, i ei ny utgåve av Focus, men intern krangling førte til at gruppa vart oppløyst på ny etter berre få konsertar i Nederland.

Kjelder endre

  1. Ankeny, Jason. «Biography: Focus». Allmusic. Henta 5. desember 2019.