Musikkprodusentar (eller plateprodusentar) er menneske som jobbar i musikkbransjen med oppgåver som m.a. kontroll av innspelingsøkter, musikalsk rettleiing av artistar og overoppsyn med innspeling, miksing og mastring. Frå slutten av førre hundreår tok mange produsentar òg på seg fleire oppgåver, og i mange sjangrar er i dag ordet «produsent» synonymt med «arrangør» og ofte òg «komponist».

Historie endre

I lydopptaket sin barndom var musikkprodusenten si rolle ikkje så ulik filmprodusenten sin: Han/ho organiserte innspelinga, betalte teknikarar, musikarar, arrangørar o.l., og valde i mange høve ut kva for materiale artisten skulle spela inn.

I 1950-åra var det A&R-ar som hadde denne rolla. Mellom dei mest kjende kan me nemna Mitch Miller, som jobba for Columbia Records og var komponist og musikar i tillegg til å fungera som A&R og produsent. På denne tida var det vanleg at produsentane var tilsett i plateselskapa og at alle innspelingar vart gjort i studio selskapa eigde. M.a. spelte EMI inn musikk i t.d. det vidgjetne Abbey Road studios.

Omkring midten av femtiåra dukka dei første uavhengige plateprodusentane opp. Mellom desse kan me nemna låtskrivar/produsentduoen Leiber & Stoller, The Beatles-produsenten Phil Spector og ikkje minst Joe Meek. Dette vart mogleggjort av hi-fi-magnetbandteknologien, som dukka opp på same tid og forandra både prosessane og dei økonomiske rammene for innspeling av musikk. Magnetband førte til at ei rekke uavhengige innspelingsstudio vart etablerte, studio som kven som helst kunne betala for å spela inn materiale i.

Då studioa i større grad kom ut or plateselskapa sin kontroll, tok produsentane på seg større rollar. Ofte overtok dei til dømes arrangørane, teknikarane og til og med låtskrivarane sine ansvar. I dag vert produsenttittelen oftast brukt nettopp om arrangørar og orkestratorar.