Berte Skeel (26. mars 16445. juli 1720) var ei dansk adelskvinne og filantrop som var medstiftar av Roskilde Adelige Jomfrukloster.

Berte Skeel

Fødd26. mars 1644
Vallø
Død5. juli 1720
København
LandDanmark
MorBirgitte Corfitzdatter Rud
FarChristen Skeel
EktefelleNiels Rosenkrantz

Skeel vart fødd på Vallø, som dotter av riksråd Christen Skeel til Fusingø (1603–1659) og Birgitte Rud (1612–1645).[1] Ho vart trulova med oberst Kjeld Lange, men då han fall i 1658 under omleiringa av København, gifta ho seg på ny i 1662 med Niels Rosenkrantz til Stovgård (1627–1676). Han fall som generalløytnant under den skånske krigen. I dette ekteskapet hadde ho fødd fire barn, som ho alle mista.

Skeel søkte erstatning ved å oppsede ei mengd adelege gutar og jenter i heimen sin. I 1683 kjøpte ho Selsø, og frå sin far arva ho Holbækgård, som ho oppretta til stamhus for brordotter si. I 1698 kjøpte ho, saman med Margrethe Knudsdatter Ulfeldt, Sortebrødregaard i Roskilde med tilhøyrande gods, der dei året etter oppretta Roskilde Adelige Jomfrukloster. Dessutan stifta ho fleire mindre legat, mest til fordel for fattige.[2]

Skeel døydde i København i 1720, og vart bisett i Nikolaj kirke.

Kjelder endre

  1. Ilsøe, Grethe (2003). Berte Skeel (1644 - 1720). Dansk kvindebiografisk leksikon. 
  2. Bricka, Carl Frederik. «14 (Dansk biografisk Lexikon / XVI. Bind. Skarpenberg - Sveistrup)». runeberg.org (på dansk). Henta 17. januar 2021.