Bertil Albertsson

Bertil Ebbe Gustaf Albertsson (1. september 19213. mars 2008) var ein svensk langdistanseløpar frå Uppsala som vann bronsemedaljen på 10 000 meter under Sommar-OL 1948 i London.

Bertil Albertsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. september 1921
Uppsala
Død

3. mars 2008 (86 år)
Upplands Väsby

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952, EM i friidrett 1950

Albertsson vart svensk meister på 5 000 meter i 1947, 1949 og 1951-53. Sommaren 1948 vart han femtemann på 5 000 m, før han sikra seg bronsemedaljen i milløpet under dei olympiske leikane i London. Han sprang i mål på tida 30.53,6, langt bak Emil Zátopek fra Tsjekkoslovakia som sette olympisk rekord på 29.59,6 og sølvinnar Alain Mimoun. I 1948 vann Albertsson også sitt fyrste SM-gull på mila, på tampen av OL-sesongen sette han svensk rekord med 30.17,4. Også i 1950 og 1954 vart han svensk milmeister. I 1951 gjorde han sitt livs beste løp då han forbetra den svenske milrekorden til 29.46,0. I 1952 sprang han personbeste 14.15,0 på 5 000 m. Under Sommar-OL 1952 i Helsinki vart han nummer 9 på 5 000 m og 12 på 10 000 m.

Kjelder

endre