Opna hovudmenyen

Ein bestand eller ein populasjon er ei av dei viktigaste einingane innanfor økologien. Ein kan definera omgrepet som ei gruppe individ av same biologiske art innanfor nokolunde det same geografiske området. Bestandane vert kjenneteikna av at det er meir genflyt og større grad av samhandling innanfor dei ulike bestandane enn mellom dei. I naturen er det likevel vanskeleg, ofte umogleg, å setja klare, distinkte grenser for dei ulike populasjonane.

Kunnskap om korleis ulike bestandar utviklar seg og påverkar kvarandre høyrer til kjerneverksemda til biologisk forsking.

SkogbestandEndra

I skogbruket brukast eit bestand om ei nokolunde einsarta skogteig som er stor nok til å verte handsama som ei driftseining. Eit bestand bør vere einsarta med tanke på bonitet og hogstklasse, ofte òg med tanke på alder, tettleik, treslagssamansetjing og driftstilhøve. I bestandsskogbruket er to dekar rekna som minimumsstorleik for eit bestand; bestand på eit titals dekar er det vanlegaste.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.