Bettine Jahn, fødd Gärtz, (fødd 3. august 1958) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg som representerte Aust-Tyskland. Ho vart i 1983 verdsmeister på 100 meter hekk.

Bettine Jahn


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 3. august 1958 (65 år)
Magdeburg
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1980 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull

Aktiv endre

Som Bettine Gärtz deltok ho i dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva der ho vart nummer sju på korthekken. To år seinare kom ho på fjerdeplassen i europameisterskapen i Aten, eitt hundredels sekund bak landskvinna Kerstin Knabe på bronseplass.

Den 8. juni 1983 sette Jahn i Berlin austtysk rekord på 100 m hekk med eit løp på 12,42 sekundar, ei tid som 35 år seinare er gjeldande tysk rekord i øvinga. To månader seinare vann ho gullmedaljen på 100 meter hekk, i 2,4 sekundmeter medvind fekk ho notert ei vinnartid på 12,35 sekundar.

Etter som Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984, deltok ikkje Jahn i Los Angeles. Etter å ha vorte mor i 1985 prøvde ho fåfengt å nå sitt tidlegare nivå og ho la opp i 1988.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre