Bewildered
«Bewildered» er ein popsong skriven i 1936 av Teddy Powell og Leonard Whitcup. Han vart ein hit i 1938 for Tommy Dorsey and His Orchestra, og vart òg spelt inn av Mildred Bailey same året. Songen vart spelt inn fleire gonger seint i 1940-åra, då i to forskjellige versjonar, av Red Miller Trio og Amos Milburn, og desse ndådde toppen av R&B-lista i 1948.[1] Begge desse versjonane skil seg frå den originale publiserte melodien og inspirerte seinare innspelingar. «Bewildered» vart sidan spelt inn av mange andre R&B-artistar, som Billy Eckstine and The Ink Spots, som nådde ein fjerdeplass på R&B-lista og 27. plass på poplista. Eit tiår seinare vart han spelt inn av Mickey & Sylvia, igjen med ein annan melodi, som likna på innspelinga til Red Miller Trio. «Bewildered» vart òg spelt i 1990 av The Notting Hillbillies på albumet deira Missing...Presumed Having a Good Time[2]
James Brown and The Famous Flames-versjonen
endreBewildered Singel av James Brown and The Famous Flames frå albumet Think! | ||
B-side |
«If You Want Me» | |
---|---|---|
Utgjeve | Februar 1961 | |
Innspelt | 30. januar 1959, Beltone Studios, New York, NY | |
Sjanger | R&B, doo-wop | |
Lengd | 2:21 | |
Selskap | King 5442 | |
Låtskrivar(ar) | Teddy Powell, Leonard Whitcup | |
Produsent | Andy Gibson | |
James Brown-singlar-kronologi | ||
«The Bells» (1961) |
Bewildered | «I Don't Mind» (1961)
|
James Brown and The Famous Flames spelte inn «Bewildered» i 1959. Den doo-wop-aktige utgåva minna om Amos Milburn-versjonen, med ein kraftig triol-kjensle og ein kraftfull melismetisk vokallinje. Han vart først gjeven ut som eit spor på Brown-albumet Think! i 1960. Året etter vart han gjeven ut som singel, og nådde då Topp 10 på R&B-lista og vart den adnre singelen til Brown (etter «Think») som nådde Topp 40 på pop-lista.[3]
«Bewildered» vart spelt mykje på konsertane til Brown gjennom karrieren hans. Han var med i ein medley på gjennombrotsalbumet hans Live at the Apollo og finst på fleire seinare konsertalbum, som Revolution of the Mind: Recorded Live at the Apollo, Vol. III (1971) og Love, Power, Peace (1992). Han spelte òg inn nye studioversjonar for album, som Prisoner of Love (1963) og Sex Machine (1970).
Medverkande
endre- James Brown - solovokal
and The Famous Flames:
- Bobby Byrd - vokal, piano
- Bobby Bennett - vokal
- «Baby Lloyd» Stallworth - vokal
- Johnny Terry - vokal
- Willie Johnson - vokal
with the James Brown Band:
- George Dorsey - altsaksofon
- J.C. Davis - tenorsaksofon
- Bobby Roach - gitar
- Bernard Odum - bass
- Nat Kendrick - trommer[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bewildered» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 400, 401.
- ↑ Wolk, Douglas. (2004). Live at the Apollo, 89-92. New York: Continuum Books.
- ↑ White, Cliff (1991). «Diskografi». In Star Time (pp. 54–59) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.
- ↑ Leeds, Alan, and Harry Weinger (1991). «Star Time: Song by Song». In Star Time (pp. 46–53) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.