Doo-wop

musikkstil

Doo-wop er ein musikksjanger som vart utvikla i afroamerikanske miljø i New York City, Philadelphia, Chicago, Baltimore, Newark, Pittsburgh, Cincinnati, Detroit, Washington, D.C. og Los Angeles i 1940-åra og vart særs populær i 1950- og tidleg i 1960-åra. Stilen bygde på vokalharmoni og var ein av dei mest populære, pop-aktige R&B-stilane på den tida. Songaren Bill Kenny (1914–1978) vert ofte kalla «gudfaren for doo-wop» fordi han innførte «topp og botn»-formatet, som består av ein høg tenor som syng førstestemme og ein bassongar som resiterer teksten i midten av songen. Doo-wop vart sungen av vokalgrupper i harmoni med meiningslause stavingar, ein enkel rytme, stundom lite eller ingen instrumentering, og enkel musikk og tekst.[1]

Den førte hitsingelen som brukte stavinga «doo-wop» var truleg «When You Dance» av The Turbans i 1955.[2] Omgrepet «doo-wop» vart først nytta på trykk i 1961. Seint i 1950-åra var det mange italiensk-amerikanske grupper som gjorde viktige bidrag til doo-wop-miljøet. Doo-wop nådde toppen i 1961. Doo-wop påverka vidare soul, pop og rock i 1960-åra. Til forskjellige tider frå 1970- til 1990-åra har sjangeren hatt populære periodar. Doo-wop var ein føregangar til mange afroamerikanske musikkstilar som er populære i dag. Doo-wop påverka òg mange store rock and roll-grupper som vart populære seinare på 1900-talet. Doo-wop er ikonisk for ein swing-liknande rytme og bruk av off-beat for å halde takta. Doo-wop la grunnlaget for mange musikalske nyskapingar.

Kjende artistar og songar endre

Kjelder endre

  1. Hoffmann, F. Roots of Rock: Doo-Wop. In Survey of American Popular Music, modified for the web by Robert Birkline. Henta 15. februar 2018.
  2. «Where'd we get the name doo-wop». electricearl.com. Henta August 18, 2007.