London Borough of Bexley
(Omdirigert frå Bexley)
Bexley er ein bydel i den austlege delen av det ytre London. Han grensar mot Bromley i sør, Greenwich i vest og Dartford i Kent i aust. I nord blir grensa mot Havering danna av Themsen. Bydelen blei oppretta i 1965 ved at krinsane Bexley, Erith, Crayford samt delar av Chislehurst og Sidcup, som alle ligg i Kent, blei slått saman og lagt under Stor-London.
London Borough of Bexley | |||
bydel | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Areal | 60,5763 km² | ||
Folketal | 247 258 (2018)[1] | ||
London Borough of Bexley 51°27′20″N 0°09′13″E / 51.455555555556°N 0.15361111111111°E | |||
Wikimedia Commons: London Borough of Bexley |
I tillegg til at Themsen går langs grensa til distriktet renn elva Cray gjennom distriktet.
Stader i Bexley
endre- Albany Park
- Barnehurst
- Barnes Cray
- Belvedere
- Bexley òg kalla Old Bexley eller Bexley Village
- Bexleyheath
- Blackfen
- Blendon
- Bostall
- Bridgen
- Coldblow
- Crayford
- Crook Log
- East Wickham
- Erith
- Falconwood
- Foots Cray
- Lamorbey
- Lessness Heath
- Longlands
- May Place
- North Cray
- North End
- Northumberland Heath
- Sidcup
- Slade Green
- Thamesmead (austleg del)
- Upper Belvedere
- Upton
- Welling
- West Heath