Opna hovudmenyen

Bydelane i London utgjer 32 administrative distrikt i Stor-London. Tolv av bydelane utgjer indre London, som er den eigentlege London by, medan dei resterande tjue utgjer ytre London, beståande av forstader og nærliggjande byar.

Omgrepet bydel kan i nokre tilfelle vere noko villeiande, då enkelte av dei eigentleg er sjølvstendige byar som høyrer til regionen Stor-London. I forhold til korleis dei blir administrert, er det likevel korrekt å omtale dei som bydelar, då dei er underlagt borgarmeisteren i London.

Frå 1986 til 2000 var det ingen sentrale styresmakter i London, slik at bydelane i praksis fungerte som sjølvstendige byar. I 2000 blei styresmaktene i Stor-London innført, med borgarmeisteren og Londonforsamlinga innført.

City of London er ikkje ein bydel, men ein sjølvstendig by og eit grevskap, den blir likevel ofte tatt med i oppramsingar av bydelane.

KartEndra