Beyşehirsjøen
Beyşehirsjøen (tyrkisk Beyşehir Gölü) er den største innsjøen i provinsane Isparta og Konya sørvest i Tyrkia. Han har eit areal på 650 km² og er 45 km lang og 20 km brei. Han har det same namnet som den største byen i regionen, Beyşehir.
Beyşehirsjøen | |||
Beyşehir Gölü | |||
innsjø | |||
Satellittbilete av Beyşehirsjøen
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen | ||
Høgd | 1 123 moh. | ||
Koordinatar | 37°47′N 31°33′E / 37.783°N 31.550°E | ||
Lengd | 45 km | ||
Areal | 650 km² | ||
Beyşehirsjøen 37°46′55″N 31°30′27″E / 37.782°N 31.5076°E | |||
Kart som viser Beyşehirsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Beyşehir |
Vassnivået varierer ein del gjennom året. Beyşehirsjøen vert nytta til kunstig vatning, sjølv om han òg er ein nasjonalpark. Det er 32 øyar i innsjøen. Beyşehirsjøen er òg ein viktig stad for mange fugleartar.
Den største djupna er 10 meter. Innsjøen får vatn frå elvar frå Sultanfjella.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Beyşehir» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Beyşehirsjøen Arkivert 2009-01-03 ved Wayback Machine. at BirdLife International