Bhasa (sanskrit bhāsa) var ein indisk dramatikar, ein av dei tidlege sanskritforfattarane. Nøyaktig kva tid han levde er ukjend, men 200-talet e.Kr. er ei mogleg tid. Kalidasa (300-400-talet) rekna seg som ein moderne forfattar i høve til Bhasa.

Kutiyattamtruppen til Mani Madhava Chakyar framfører «Thoranayudham», ein del av Bhasa sitt stykke Abhisjeka-nataka, i Madras i 1962.
Helten, kong Udayana, i ei kuttiyattamframføring av Svapnavasavadatta.

Fram til 1910 var verket til forfattaren rekna som tapt, berre kjend gjennom einskilde sitat i andre verk. I 1910 kom sanskritforskaren T. Ganapati Sastri over 13 skodespel som blei brukte kutiyattamteater i Thiruvananthapuram i Kerala. Desse viser så mange arkaiske fellestrekk at ei rekkje forskarar meiner dei skriv seg frå Bhasa, særleg ettersom eitt av dei, Svapnavasavadatta, allereie var nemnd som eitt av hans drama.

Verk tillagt BhasaEndra

Skodespel som bygger på RamayanaEndra

  • Pratima-nataka ('Statueskodespelet')
  • Abhisjeka-nataka ('Kroningsskodespelet')

Skodespel som bygger på MahabharataEndra

  • Pantsj-ratra ('Fem netter')
  • Madhyama-vyayoga ('Vjajoga-skodespelet om middelsonen')
  • Duta-Ghattotkatsja ('Ghattotkatsja som sendemann')
  • Duta-Vakya ('Sendebot si melding')
  • Urubhanga ('Det brotne låret')
  • Karna-bhara ('Karna-børa')
  • Harivamsa eller Bala-tsjarita ('Hari-dynastiet eller Barndomssoga')

Andre skodespelEndra

  • Svapnavasavadatta ('Draum-Vasavadatta')
  • Pratijña-jaugandharajana ('Jaugandharajana sin lovnad')
  • Daridra tsjarudatta ('Naudkomne Tsjarudatta')
  • Avimaraka ('Avimaraka')

KjelderEndra