Bide eller bidé, uttalt bidé (frå fransk og på fransk skrive bidet), òg kalla setebadekar, er ein liten kum eller lågt plassert vaskeservant spesielt laga for å vaske underlivet (kjønsorgana og endetarmsopninga) og føtene.

Eit moderne bidé
Bidé frå byrjinga på 1900-talet, utstyrt med pumpe og innretning for klyster.
La Toilette intime ou la Rose effeuillée, målarstykke av den franske kunstmålaren Louis Léopold Boilly (1761-1845). Bideet ho sit på er forma som ein liten ridehest.

Bidé er ikkje så vanlege i Noreg, men er ofte eit fast inventar i baderom i kontinental-Europa og fleire andre stader i verda.

Ordet bidé kjem av det franske ordet for ein rase små hestar, bidet, som truleg har opphav i den gamalfranske nemninga for å småtrave.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Bide