Big Beat av Sparks

Big Beat
Studioalbum av Sparks
Språk engelsk
Utgjeve 1976
Innspelt August 1976
Studio Mediasound, New York City
Sjanger
Lengd 35:30
Selskap Columbia (USA), Island (Storbritannia)
Produsent Rupert Holmes
Jeffrey Lesser for Widescreen Productions
Sparks-kronologi 
Indiscreet
(1975)
Big Beat Introducing Sparks
(1977)


Singlar frå Big Beat
  1. «Big Boy» med «Fill-er-up»
    Utgjeve: October 1976
  2. «I Like Girls» med «England»
    Utgjeve: December 1976

Big Beat er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i 1976.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
Classic Rock6/10 stars[3]

Historie endre

Big Beat vart spelt inn i Mediasound Studios i New York City i august 1976. Det var det første albumet deira etter at dei løyste opp det engelske bandet sitt og vende attende til Amerika. I staden brukte Mael-brørne studiomusikarar og henta inn den tidlegare Milk 'N' Cookies-bassisten og Roxy Music-musikaren (Viva!), Sal Maida på bass, Tuff Darts-gitaristen Jeffrey Salen og Hilly Boy Michaels på trommer. Utgjevinga var den første dei gav ut på Columbia Records i USA. Albumet bestod av ein mykje tyngre og hardare rockestil enn dei tidlegare albuma deira. I starten hadde Mael-brørne gått attende til å spele med det tidlegare Sparks-medlemmet Earle Mankey. I lag spelte dei inn songen «England», ein song som hadde mykje til felles med den lystige heimelaga og uvanlege stilen dei hadde hatt då dei tre arbeidde i lag tidlegare i 1970-åra. På den andre sida var produksjonen til Rupert Holmes og Jeffrey Lesser glattare og meir direkte og det gjorde at albumet fekk ein meir «amerikansk» AOR-stil. Denne nye «Vestkyst»-stilen vart rekna som mislykka, sidan Sparks følte resultatet var «heilt utan personlegdom».[4]

Det siste sporet på albumet var ei nyinnspeling av «I Like Girls». Songen hadde vore ein konsertfavoritt i tida før 1974. Dei hadde spelt inn versjonar av songen i 1973 og 1974, men dei var ikkje nøgde med dei to opptaka.[5] 1973-opptaket av «I Like Girls» vart seinare gjeve ut i 1991 på Rhino Entertainment-samlinga Profile: The Ultimate Sparks Collection.

Den første singelen, «Big Boy», og B-sida «Fill-er-up», vart framførte i ei cameo-framferd i katastrofefilmen Rollercoaster i 1976, etter at Kiss hadde avslått tilbodet om rolla.[6]

Utgjeving endre

Big Beat vart ikkje ein stor suksess og gjorde det langt dårlegare enn dei førre tre albuma deira. Det gjekk ikkje inn på albumlista verken i Storbritannia eller i USA.

«Big Boy» og «I Like Girls» vart gjevne ut på singel, men ingen av dei selde særleg eller vart spelte på radio.

Nyutgjeving endre

Big Beat vart gjeve ut på ny på Island i 1994 og ommastra i 2006. Den første utgåva på Island Masters inkluderte bonusspora «Tearing The Place Apart» og Russell Mael sin «Gone with the Wind», som begge vart spelte inn under innspelinga for Indiscreet, men som ikkje kom ut før samleplata «The Best of Sparks» i 1978. '21st Century Edition' hadde i tillegg singelen «I Want to Hold Your Hand», B-sida «England», og to songar som ikkje tidlegare var gjevne ut: «Looks Aren't Everything» og «Intrusion/Confusion». Sistnemnde var ei tidleg utgåve av «Confusion». Den ommastra utgåva har generelt ein langt betre lyd enn CD-utgåvene frå 1994 og 1988, men har ved eit uhell forlenga sporet «Throw Her Away (And Get A New One)» med kring tjue sekund stille, i staden for den tiltenkte uttoninga som er på alle dei andre utgåvene.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael except as indicated.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Big Boy»3:30
2.«I Want to Be Like Everybody Else»2:57
3.«Nothing to Do»3:09
4.«I Bought the Mississippi River»2:29
5.«Fill-er-up»2:20
6.«Everybody's Stupid»3:41
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Throw Her Away (And Get a New One)»3:15
8.«Confusion»3:27
9.«Screwed Up»4:20
10.«White Women»3:24
11.«I Like Girls»2:58
Bonusspor på Island Masters (1994)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Tearing the Place Apart» 3:38
13.«Gone with the Wind»Russell Mael3:07
Bonusspor på 21st Century Edition (2006)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«I Want to Hold Your Hand»John Lennon og Paul McCartney2:56
13.«England» 3:18
14.«Gone with the Wind»Russell Mael3:07
15.«Intrusion/Confusion» 2:47
16.«Looks Aren't Everything» 3:28
17.«Tearing the Place Apart» 3:38

Medverkande endre

Teknisk

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «'We have a hostility to being boring': Sparks, still flying in their 70s». 16. juli 2021. 
  2. 2,0 2,1 James A. Gardner. «Big Beat - Sparks | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 21. april 2022. 
  3. Makowski, Peter (December 2006). «Still able to start a fire: Sparks Reissues». Classic Rock: 101. 
  4. Easlea, Daryl (July 2003). «Sparks Interview». Record Collector Magazine Issue 287. 
  5. «Russell Mael: «The song was written at the time of the original L.A. band. On returning to America, after our 1972 European tour, we jetted to Bearsville studios in upstate New York (Woodstock) to record the stage favourite »I Like Girls«. Nick James produced the song but it didn't come as well as expected». Graphikdesigns.free.fr. Henta 21. april 2022. 
  6. Black, Johnny (September 2006). «Sparks Interview». Mojo Magazine Issue 154. 

Bakgrunnsstoff endre