Hilly Michaels, òg kjend som Hilly Boy Michaels, er ein USA-amerikansk trommeslagar og musikar som er mest kjend for å ha spelt trommer i Sparks i 1970-åra.[1] Han spelte på Sparks-albumet Big Beat og var den einaste av studiomusikarane på albumet som vart med Ron og Russell Mael frå Sparks på turnéen som følgde i Nord-Amerika.[2] Michaels har gjeve ut to solaoblum tidleg i 1980-åra, Calling All Girls (1980) og Lumia (1981).

Hilly Michaels
FødestadNew Haven i Connecticut i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1970-åra
SjangerRock
InstrumentVokal, gitar, trommer, perkusjon
Tilknytte artistarSparks
PlateselskapWarner Bros.
Verka somMusikar, produsent

Michaels har òg spelt i bandet Joy, med ein ung Michael Bolton, og artistar som The Cherry Vanilla Band, Peach & Lee, Ellen Foley, The Hunter/Ronson Band, Dan Hartman, John Mellencamp, Marianne Faithfull og Ronnie Wood.

Michaels var i eit forhold med Marianne Faithfull i midten av 1980-åra og dei budde i lag i New York City.[3]

Diskografi

endre

Album

endre

Singlar

endre
  • «Calling All Girls» (1980) - 99. plassen i Australia[4]
  • «Shake It and Dance» (1981) - 69. plassen i Australia[4]

Kjelder

endre
  1. Ankeny, Jason. «Biography: Sparks». Allmusic. Henta 3. april 2010. 
  2. HILLY «BOY» MICHAELS - DRUMMER ON SPARKS «BIG BEAT» LP[daud lenkje] Henta 23. februar 2012
  3. Faithfull, Marianne (1994). Faithfull: an autobiography. New York: Cooper Square Press. ISBN 0-8154-1046-8. 
  4. 4,0 4,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 199. ISBN 0-646-11917-6.