Big Bend nasjonalpark
Big Bend nasjonalpark er ein nasjonalpark vest i delstaten Texas i USA. Nasjonalparken, som grensar mot Mexico, vart oppretta 12. juni 1944. Han har ei utstrekking på 3 242 km². Nasjonalparken ligg i Chihuahuaørkenen, ved grenseelva Rio Grande.[1] Namnet «Big Bend» kjem av den store svingen elva Rio Grande gjer i dette området.
Big Bend nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Rio Grande renn gjennom Santa Elena-juvet
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Texas | ||
Big Bend nasjonalpark 29°15′N 103°15′W / 29.25°N 103.25°W | |||
Wikimedia Commons: Big Bend National Park |
I Big Bend nasjonalpark lever meir enn 1200 planteartar, over 450 fugleartar, 56 ulike artar av reptilar, og 75 pattedyr-artar.[1] Her er gjort mange fossile funn, og det er spor etter busetnad gjennom fleire tusen år.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Gray, J.E.; Page, W.R., red. (October 2008). Geological, geochemical, and geophysical studies by the U.S. Geological Survey in Big Bend National Park, Texas. Circular 1327. U.S. Geological Survey. ISBN 978-1-4113-2280-6.
- Denne artikkelen bygger på «Big Bend National Park» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2018.