Bijago
Bijago er eit atlantisk språk i nigerkongo-familien som vert snakka på Bijagós-øyane utanfor Guinea-Bissau. Språket utgjer eit dialektkontinuum, og brukarar av nokre av dialektane som er fjernast frå kvarandre har problem med å forstå kvarandre.
Bijago | ||
Klassifisering | Nigerkongo Atlantisk Bijago | |
Bruk | ||
Tala i | Guinea-Bissau | |
Bijagotalande i alt | 29 900[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | bjg |
Edward Sapir klassifiserte bijago som eit isolert språk innan den vestatlantiske greina av nigerkongo-språka, dvs. at det ikkje kan knytast til nokre (andre) undergreiner av dei vestatlantiske språka. Språkforskarar som Blench, som ikkje anerkjenner den vestatlantiske greina, har bijago som ei eiga grein under atlantisk-kongo-språka.
Fonologi
endreKajako-dialekten av bijago er éin av få varietetar verda over som har ein lingvolabial konsonant, dvs. ein konsonant som vert uttalt med tunga mot overleppa.
Kjelder
endre- ↑ Bijago hos Ethnologue
- Denne artikkelen bygger på «Bijago» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2015.