Bijeljina
Bijeljina (kyrillisk: Бијељина) er ein by og kommune i nordaustlege delar av Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Byen ligg på den flate og grøderike sletta Semberija, og berre 6 km frå grensa til Serbia.
Bijeljina | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Republikk |
Bosnia-Hercegovina Republika Srpska |
Geografi | |
Flatevidd | 733,85 km² |
Flatevidd - By |
734 km² |
Innbyggjarar - By (est.) |
125 000-150 000 |
Koordinatar | 44°45′N 19°13′E / 44.750°N 19.217°E |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse anna | |
Telefon-retningsnummer | +387 55 |
Heimeside: www.opstinabijeljina.com | |
Plassering | |
Bijeljina i Bosnia-Hercegovina, vist med skarp raudfarge. |
Byen vart første gong nemnd i dokument etter presten Dukljanin, der han nevnar at grev Bele-Pavlimir vann over ungararar i «dalen Belina». Bijeljina vert òg nemnd 3. mars 1446, då ein handelsmann frå Dubrovnik vart røva her.
Bijeljina har i dei siste 500 åra skifta ut heile folkesetnanden. Første gong var då tyrkarane kom i 1520 og andre gong då austerrikarane kom i 1716.
Den eldste bygningen i byen stammar frå tida omkring 1548, og er eit serbisk kloster kalla Tavna.
Serbarane frå dette området støtta oppstanden leia av Karadjordjević, men dei mislykkast, og dei lei store nederlag i forsøk på å frigje fanga serbarar frå tyrkarane i tida 1875-1878.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bijeljina» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2007.