Dubrovnik (tidlegare kalla Ragusa) er ein gamal by på kysten av Adriahavet i Dalmatia i Kroatia. Han vart grunnlagd i 639, og trekk i dag til seg mykje turisme. Byen vert ofte kalla Adriahavets perle. Den gamle delen av byen er ført opp på UNESCO si verdsarvliste.

Dubrovnik
Ragusa
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Dubrovnik–Neretva
Grunnlagd 639
Geografi
Flatevidd 142,6, 12,1 km²
Flatevidd
 - By

143,35 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

49 728
Koordinatar 42°39′N 18°04′E / 42.650°N 18.067°E / 42.650; 18.067
Høgd over havet 0 m
Diverse anna
Heimeside: www.dubrovnik.hr
Plassering

Historie endre

 
Gamlebyen i Dubrovnik

Byen vart grunnlagd av folk som flykta fra avarane. Etter at avarane øydela den greske kolonien Epidauros, som ligg i Den saroniske bukta, flytta innbyggjarane seg nordover og slo seg ned i området som vart Dubrovnik. Byen vart allereie i 896 underlagt Austromarriket og vart ein svært viktig handelsby med ein flåte på over 300 fartøy.

I mellomalderen var byen ein rival til Venezia, som den einaste frie bystat i det austlege Adriahavet. På 1400- og 1500-talet fekk byen eit merkverdig nivå, takka vere sin velstand og diplomatiske evner.

Seinare kom byen under osmansk herredøme, og frå 1815 underlagt Keisardømet Austerrike og seinare Austerrike-Ungarn. I 1918 vart byen ein del av Kongeriket Jugoslavia då det vart oppretta.

Dubrovnik har vore sentral i utviklinga av det kroatiske språket. Han var heimstad for mange viktige poetar, forfattarar, matematikarar, fysikarar og andre forskarar.

Dubrovnik er rekna som ein av dei vakraste og best bevarte byane i Middelhavsområdet, men vart utsett for eit kraftig bombardement under krigen i det tidlegare Jugoslavia i 1991, som skada store delar av Gamlebyen, trass i at denne var heilt utan militær verdi. Gamlebyen er i ettertid rehabilitert.

Bakgrunnsstoff endre